torsdag 21. mars 2013

Treng eit møte med statsråden!

Inga Marte Thorkildsen (foto SV.no)
Eg inviterer meg med dette til eit møte med statsråd Inga Marte Thorkildsen. Målet med møtet er at eg vil at ho skal sjå meg inn i augene og seia at eg valde feil.
Eg har nemlig vore heimearbeidande i 25 år. Fem born har eg stelt med, born som også har gått i barnehage og hatt det fint der, om det skulle vera av interesse! Ho treng ikkje fortelja meg at eg taper pengar på valet mitt, for det veit eg, og eg har naturleg nok visst det sidan statsråden var ei lita jente. Det var difor inga nyhet ho kom med på sjølvaste kvinnedagen, men det er uhøyrt at ho skal fortelja meg via Aftenposten at eg har vald feil! Det må ho få sjå meg inn i augene og fortelja meg!
På møtet skal eg skal fortelja henne enkelt og greit om kvardagen min som heimearbeidande. At eg saman med mannen min har hatt ansvar for borna - at eg har vore fostermor i 18 år, at eg har stelt to funksjonshemma born, at eg har engasjert meg i frivilleg arbeid, fylt stovene med barneforeningsborn annankvar veke gjennom tre ti-år, vore med i skulemusikk og fotballag, delteke i politisk arbeid med medalje frå Kommunenes Sentralforbund endå til! Eg har hatt leiarverv i bispedømeråd og sentalkyrkjelege verv i 8 år, og no er eg landsstyreleiar i NMS  på 5. året. Dersom ho meiner at vi ikkje kan utvikla oss og ha eit meiningsfylt liv ved å velja litt annleis enn regjeringa legg opp til, så blir det faktisk heilt feil!
Men ein ting er vi einige om - eg taper økonomisk og det kan statsråden gjera noko med, faktisk! Så sett i gang Inga Marte - eg er snart pensjonist, så sjå til at eg får ein verdig pensjon!

Så skal eg fortelja henne at eg starta i arbeid utanfor heimen då eg var ca 50, at eg stortrivest som yrkesaktiv i ein alder der mange av mine medsøstre har pensjonert seg.
Men poenget med møtet er altså at eg vil at statsråden skal sjå meg i augene, og sei at eg har vald feil. Eg synes det er dårleg å få ei slik melding via pressa!
Sjølvsagt veit eg at eg ikkje har sendt nok skattekroner inn til felleskassen, men vi kan bruka nokre
minuttar på å laga eit samfunnsrekneskap saman, så skal vi sjå!
Kven som taper økonomisk veit eg!
Det siste eg skal sei henne er at eg gjennom jobben min har blitt kjent med mange flotte KrF-arar som med fordel kan overta jobben hennar til hausten!

PS! Dette skreiv eg 8. mars, men var så pass hissig at eg ikkje vågde å leggja det ut. No har eg redigert litt, og i kveld tør eg!

5 kommentarer:

Johanna i Mandal sa...

Hurra for deg Kari! Håpar verkeleg du får til eit møte! Og hels ho gjerne frå meg som deltidsarbeidene og som nyter å ha litt fri - og seie at eg også gjerne tar eit møte med ho:-)

Kari Skår Sørheim sa...

Eg gjev deg eit ord Johanna når audiensen er i boks! Tek deg gjerne med! God påske der sør!

Anonym sa...

Godt tenkt og jobba, Kari!
Håpar at du med di vennlege utstråling får eit møte med statsråden som eg trur vil vera til glede for ho!
Må PÅSKEGLEDA får fylla deg og dine, og alle som les dette!
Kjærleg helsing Solbjørg

erlingjarl sa...

ser for meg at Kari og Johanna tar et møte og oppgjør med Inga Marte, det ville vært kjempebra, lykke til og jeg/vi støtter dere 110%.
vh
Erling Jarl med hjemmeværende kone til barna var 14 år, men hun tapte noen pensjonsår på dette, men har detr igjen med fornøyde barn tror jeg.

Johanna sa...

Eg er med!