
Lokalavisene har mange gode og positive oppslag som løftar enkeltmenneske, lokalsamfunn, organisasjonar, verksemder og det offentlege opp. Det er bra! Ærleg og rett oppsnakking er viktig, og dette var eit flott oppslag!
Sjølvsagt viser ikkje "solskinnshistoriar" i media heile biletet, og vi som lesarar er ofte flinke og raske til å konstatera det. Jantelova trer raskt i funksjon, og vi stikk hovuda saman og blir fort einige om at dette neppe er heile sanninga.Skandale- og sensasjonsoppslaga kjem oftare og spreier seg raskare enn solskinnshistoriane. I alle høve i sentrale medier. Det er dette som gjev sjåartal og salgsinntekter. Vi (eg og), ristar på hovudet, konstaterer at verda har gått av "skaftet" og ventar med ein viss skadefryd på neste innlegg som kan gje oss endå meire å snakka om.
Kanskje tenkjer vi at det vi les neppe er heile sanninga, men vi grip alt for raskt høve til å hengja oss på det negative hylekoret. Dei gode historiane kjem også, og i dag spreier eg Strilen sin med glede. Historia om "Jungelens konge" var også eit flott oppslag i helga, men den tar dei store seg av, heldigvis!
Mange som har kjennskap til det som blir slått opp av både "godt og gale", erfarer ikkje å kjenna seg heilt igjen i det som blir presentert. Slik er denne verda. Då kan vi velja å prøva å forklara oss, eller kanskje berre venta til "stormen rir"av. Eit anna alternativ er å mura oss inne og ikkje våga noko som helst i tilfelle nokon kunne vri på det, mistyda, misbruka eller bruka Jantelova på oss. Slik ønskjer eg ikkje at det skal vera. Difor kastar eg meg frampå av og til (sjølv om eg av og til angrar)
Siste veka har eg lese og sett ein del om noko eg sjølv har deltatt på. Det meste bra og attkjennande, og det har gjort meg stolt over arbeidsfellesskapet eg er ein del av. Solskinnshistoriar kom det også, m.a. av ein flott og lukkeleg liten familie!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar