tirsdag 4. november 2014

Vokster


Driv med haustvinden
inn i boka
til livet 
og finn 
gløymde dagar
som umerkande har bygd opp,
og medvitne dagar 
som armerte og reiv ned

Det er ikkje plass til alle sekunda
i medvitboka
Likevel har dei skapt livet 
til den eg er
her eg går og merkar
at livet framleis blir forma 
i vinden





1 kommentar:

Marit Elisebet Høines Totland sa...

Gode, romslege ord, med rom for tankar og kjensler.Somme veit me at me har, somme ikkje.Takk for orda!