lørdag 15. oktober 2016

Fallet

I dag har eg slikt å gjera på.
Inspirert av Jakob Sande sitt dikt om Kallen og Katten, pluss krykkjene eg humpar heilt nødvendige ærend på, harseler eg litt med meg sjølv i kveld! Det er god medisin det!
(ikkje brot - men dugeleg strekk)

Fallet

Ho Kari Skår Sørheim med damer
la ut på så vakker ein tur.
Og lite ho tenkte på farer
som snublande nær låg på lur.

Og sola gjekk ned ut på Skauge
og frostrøyken låg over myr.
Og alt var så vakkert for auge
sjølv store og beitande kyr.

Då turen den vakre var over
og kaffi og kringle fortært.
Dei takka for turen i go'ver
og fellesskap som dei har kjært.

Men best som ho sto der så låg ho
på asfalten skitten og svart.
På foten den eine no står ho
den andre tok ulukka "hardt".

Og doktor kom til og så presten
dei sjekka og støtta og sa;
Du kjem deg nok "oppatt på resten"
men Kari var langt i frå glad.

Og no går ho heime og plagast
tilårskomen, rastlaus og grå.
Ho håpar det snarast skal lagast
at ho på to føter skal stå!

Og syndaren store var lissa
på turskoen stødig og god.
Den knytte seg opp i den vissa
at turen var over den no.

Moralen i visa må verta
at "den som står støtt" må sjå til,
at ikkje dei også må detta
sjølv om dei det slett ikkje vil.

3 kommentarer:

Halldis Pollen sa...

Strålande, Kari! Du går Jakob Sande ein høg gong.

Swissie sa...

Fantastisk godt skrive, Kari!
Eg sit her og ler, sjølv om eg synest veldig synd på deg.
God betring!

Helsing Liv i Sveits

Kari Skår Sørheim sa...

kjekt at de lika visa mi - og kjekt med kommentarar her på bloggen også!