mandag 3. oktober 2016

Velsigninga

Eg er glad i velsigninga.
Den Gudsvelsigninga som blir nedbedt over meg i kyrkje og forsamlingshus.

Den aronittiske velsigninga som avsluttar alle 
gudstenester i kyrkja mi lyder slik:

"Herren velsigne deg og vare deg
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred"
Dvel ved desse mektige orda som kan
fylla oss med tryggleik, håp og fred!

Om eg ikkje klarar å konsenterera meg like sterkt under
heile gudstenesta/møtet, så klarar eg det når velsigninga
blir "lyst over" meg! 
Og sjølv om det ikkje er så mykje "hands up"
i kyrkja mi, så er det noko symbolskt og fint når presten løftar hendene når han/ho
nedber Herrens velsigning over oss, og vesle meg.

I somme samenhengar blir velsigninga sunge som fellessong/bøn.
Også det kan vera fint, men det er ikkje det same.
Det er ein styrke å få vera stille mottakar av velsigninga.

Dette var det eg hadde på hjarta i kveld!


2 kommentarer:

Unknown sa...

Eg er som du, svært glad i velsigninga i gudstjeneste.
Til 70 års dagen min fekk eg ei bok som heiter: velsignelsen.
Denne boka vil eg anbefala!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for tipset! Kven har skrive den boka?