torsdag 24. november 2016

Kor lenge?

Kor lenge kan vår dyktige statsminister leva med ein statsråd som rir på den populistiske bylgja?
Kor lenge kan ho finna seg i retorikken som utspinn seg i innvandrings- og inkluderingsministeren sine spor og på facebooksida hennar?
Er det ei regjering verdig å ha ein statsåd som uttrykkjer at "hele verden kan ikke komme til Norge!"? Kven er det ev som skulle meina det? Det er då heilt villeiande og utanfor alle realitetar! Og korleis kan ei regjering leva med at ei av dei som sit rundt Kongens bord kallar meiningsmotstandarar for "hylekoret"? Eller korleis kan det aksepterast at utvising av to mindreårige gutar blir brukt som eksempel på handlekraft?
Korleis fremjar dette ein sakleg og verdig debatt om eit vanskeleg spørsmål?
Dette, og meire til, undrar eg meg verkelge over.

Lat oss for all del vera ueinige! Det er i brytningspunktet der meiningar kvessest at gode løysingar kan finnast - om viljen er til stade. Den populismen vi er vitne til om dagen, i "lukkerus" over m.a. Trump og populismen sin valsiger, må ikkje få "fritt leide" inn i demokratiet vårt.
Den overdrevne trua på kontroll og offentleg styring over menneske sine val, og stivbeint byråkratisk og utilgjengeleg språk, er heller ikkje sunt. Men eg forventar at det på regjerings- og stortingsnivå blir brukt sakleg argumentsjon, at det er vilje til å lytta, og til å debattera på ein verdig måte.

Ei debattform, og ein facebookstil som vi prøver å læra born og unge å styra unna i respekt for medmenneske, må ikkje rivast ned av personar rundt Kongens bord, eller andre som har fått folket sin tillit. Slike leiarar vil eg ikkje ha!

Statsministeren har sagt at ho "ville ikke uttrykt seg slik". Det trur eg henne på - men kor lenge og kor mykje vil ho akseptera utan å mista respekt og autoritet?

2 kommentarer:

Rune Garmann sa...

Dette er eit betimeleg spørsmål, Kari. Eg trur SL sit trygt så lenge ho tek jobben som Erna Solberg sin rakkar. Her i landet held vi oss ikkje med privatpraktiserande statsrådar, så alt SL gjer på vegner av regjeringa, er pr definisjon regjeringa sin politikk, og statsministeren sitt ansvar. Kritikken av regjeringa sin flyktningapolitikk bør ramme regjeringa og dei som står bak denne.
At SL har ein stil som i beste fall kan kallast uryddig, og som ein med god grunn kan frykte nører opp om folk sin framandskepsis og dermed skapar framandhat. Det kan godt vere at SL ser retorikken sin som eit fortrinn i kampen om dei framandfryktande veljarane sine stemmer. Så spørs det kor lenge Erna Solberg ser på dette som eit fortrinn for regjeringa...

Kari Skår Sørheim sa...

Einig med deg i det, men eg håpar sjefen ikkje ser seg tent med dette så lenge. Vi må få seriøsitet inn i fluktningepolitikken og retorikken!