tirsdag 28. februar 2017

Skidraumen

Det vart ikkje skikjendis av meg!
Ein liten draum hadde eg kanskje som jente, eg klipte i alle høve ut ski- og skøytekjendisar frå dei sparsome bileta som kom i avisene vi hadde heime. Dei limte eg inn i ei gamal kladdebok,  med heimelaga kveitemjøls-lim.
Det låg nok kanskje ein draum der på lur!
No har eg nett sett på dei dyktige skidamene, med Marit Bjørgen som hovedperson. Og brått var tankane ca 60 år tilbake.

Dei første skia mine fann far på loftet i bestemor sitt hus - dei var spikra fast som golvbord der oppe.
Då vi kom heim fann han nokre lærreimar av ein gamal hestesele og festa dei som bindingar på skia.
Vi fann ein stav, og den andre fekk eg låna hjå Ottar på nabogarden.
Slik debuterte eg på ski på bøane på Skår - og tru meg; det var ikkje enkelt å bli best med slikt utstyr, men eg hadde ski!

Neste trinn i skieventyret mitt kom ein vinterkveld eit par vintrar etter dei første skia.
Vi hadde vore på julefest på skulen, var på heimveg og det snøa tett.
Då vi kom til mjølkerampen vår oppe ved hovedvegen sto det, til mi store overrasking, eit par Åsnes- ski der i snøkaven, og på lappen sto det Åsmund Skår! Varebilen hadde sett dei der.
Eg kjenner berre ved å skriva om dette, kor hjarta mitt bankar - nett som då!
Kven sine ski var dette?
Dei var for små til far - det skjøna eg fort - kunne dei vera mine?
Dei var mine! Åsnes-ski med Å på framme på tuppen- dei var mine!
Onkel Martinus i Bergen hadde sendt eit par ski som søskenbarna mine ikkje brukte lenger!
Dei kom heilt frå byen til Skår - til meg - med varebilen!
Det var stort!
Skia var utan bindingar, men denne gongen gjekk far på Nese og kjøpte bindingar til meg, Du verden for framsteg!
Eg smurde dei med raude stearinlys. Eg pussa og stelte med dei.
Ja, så glad var eg for desse skia at eg ikkje våga meg utfor dei brattaste bakkane eller hoppkanten fordi eg var så redd for å knekka desse vidunderskia mine.

Så der enda skikarrièren min! Skia var så dyrebare!
By-skia er borte, men dei eg debuterte på har eg i hytta mi! Der skal dei vera så lenge eg har klårt hovud, og dei skal minna meg på at det var ikkje luksus på bakkane på Skår. Ikkje på vårt tun, og ikkje hjå dei andre heller. Vi var nokså like!
Men iver, glede, snø og draumar - det hadde vi!

Ingen kommentarer: