tirsdag 12. juli 2011

Vakkert

Kva er vakkert?
Det nyfødte barnet -
Den fredfylte gamle -
Kunsten, naturen, orda og kjærleiken -

Eg har halde noko vakkert i handa i dag!
Ei gamal, lengesidanpussa kompottskei i sølv vart vakker i dag
Den låg i arven frå mor si kjøkkenskuffe
Utallege skeier med sviskedessert har den servert oss
Mest sviske, men også sukra rips og fersken frå boksen til 2,95
Mor hadde berre to slike "fine" skeier
Ho synes dei var fine
I dag vart den eine vakker!
Vakker fordi mor vedsette den
Vakker fordi mor gledde seg over det ho såg vakkert

Eg såg blikket som fòr over skeia før bruk
Eg såg handa som sette den i skåla
Eg såg fingrane som gjorden den rein
Eg såg den var verdifull for henne

Kva er vakkert?
Det eg har sett i dag vart vakkert

torsdag 7. juli 2011

Ingen ting i morgon

Kva skal du i morgon? Det er eit vanleg spørsmål her i heimen og sikkert også i dei fleste heimar. Vi må fylgje med kvarandre sjølvsagt, og vi gjer det både av praktiske omsyn og fordi vi er interessert i kva dei andre har av oppgåver og arbeid.
No er det ferie, og kva skal vi i morgon? Vi kan vakna når vi vaknar og ha lang frukost viss vi vil - veit eg. Berre tanken på at klokka ikkje ringjer kan få meg til å stå tidleg opp! Godt at det er slik av og til.
I morgon treng eg ikkje tenkja på kva eg skal ta på meg, det er nydeleg! Eg treng ikkje tenkja på om eg blir ok på håret og at eg ser presentabel ut. Herleg rett og slett!! Eg trivest med ein litt "sluskete" feriekostyme, kjenner meg ufatteleg fri i gamle utvaska klær. Eg treng heller ikkje tenkja på kva eg skal  meina, målbera, skriva eller planleggja.
I morgon skal eg ta ei rive og raka litt, trur eg. Eg skal sjå at dissestativet kjem på plass, trur eg, og så skal eg for mitt indre sjå små barneborn sitja på kvar si disse og smila til meg, drøymer eg.
Så skal eg ha meg ein tusletur, tenkjer eg. Er ikkje i trimme- eller fjellform, så det blir nok ein tusletur reknar eg med. Men då må sola koma, meiner eg. Då kan vi også sitja på terassen og lata oss, håpar eg.
Kanskje blir morgondagen heilt annleis, men eg veit at det er ting eg ikkje skal i morgon!
Takk til samfunnet vårt som gjev oss ferie. Det er luksus, veit eg. Tanken går til dei som kvar dag kjempar sin livskamp for mat og drikke til seg og sine. Eller til dei som ikkje har ferie fordi dei ikkje har helse eller arbeid. Eg er priviligert kjenner eg, her eg går sakte og ferierar og prøver å finna nye krefter.

onsdag 6. juli 2011

Mot og motvind

"Gå ein tur til Kvamme i motvind, då kjenner du at du vert sterk!" Denne oppmodinga fekk eg av ein eldre mann i Masfjorden ein kveld for mange år sidan. Han ville oppmuntra meg til å stå fast på det eg sto for i ei politisk sak som vekte stor ståhei i kommunestyre og lokalmedia. Eg har mange gonger sidan tenkt på dette - motvind kan gje styrke.
Det handlar om å stå for noko sjølv om det er i uttakt med tida. Det handlar om å tru på noko og stå for det sjølv om det kostar og meiningane er sterke. Det handlar ikkje om overmot eller "eg veit best", men om å vera tru mot overtydinga.
Dei siste dagane har eg fornya mi kontrakt med misjonen sin Herre. Det har ikkje med det å gjera at eg vart vald til landsstyreleiar for NMS for tre nye år på fredag. Kontrakten min heng ikkje saman med verv. Eg har eit kall og eit engasjement for at vi som kristne skal formidla Guds kjærleik. Gjennom ord og handling skal vi vera disiplar i verda. Eg kjenner ein driv etter å finna metodar som kan engasjerer fleire i denne viktige saka.
Det har vore ein del motvind og "hanskast" med i mitt misjonsengasjement dei siste åra. Økonomiske problem for organisasjonen eg er med i (NMS) i staden for vekst. Nedbemanning i staden for oppbemanning. Usemje i staden for semje i somme saker. Motvind kan det kanskje kallast. Likevel - eg kjenner meg uendeleg takksam for motet - motet til å arbeida vidare for misjonen!
Generalforsamlinga sist veke har gjeve meg fornya mot og glede. Opptil 2000 menneske saman om same sak. Trufaste eldre og mange aktive unge som vil misjon - under same tak. Representantar frå heile verda samla nokre hektiske dagar om felles sak. Eg opplevde "motvind" også denne veka, men motet vart ikkje svekka av det, oppgåva er like stor om vi tenkjer ulikt i somme saker.
"Gå ein tur til Kvamme", sa min eldre ven i Masfjorden,
"Gå difor ut" sa misjonen sin Herre, han som har all makt i himmel og på jord. Alle dagar har han lova å vera med sine disiplar. Kanskje det er difor vi har mot - trass motvind? Nøkkelen ligg vel der, tenkjer eg.

torsdag 23. juni 2011

Ei flaske Jonsokbrus

Eg har oppdaga at eg har blitt det dei kallar eldre. Merkeleg, men i radioen på veg heim frå jobb i dag omtala dei meg som eldre. Det var berre ei trøyst i det eg høyrde, dei kalla nemleg også 50-åringar for eldre. Eller, kanskje det ikkje er noko trøyst, for viss 50- åringane er eldre, då må jo eg vera endå meire eldre...
Men i kveld, på denne Jonsokaftan skal eg faktisk innrømma at eg høyrer til dei eldre. Eg set inne, og berre det er vel eit eldreteikn. Rett nok grilla vi ute og synes det hadde sin sjarm der vi sat godt påkledde og kosa oss i sommarkulden, vi to eldre. Men det er ikkje det at vi kraup i hus att som gjer at fekk ei kjensle av at noko var rett i det dei kjekke unge mennene snakka om i radioen. Nei, den snikande erkjenninga kom gjennom vindauga der eg gjennom tett bjørkekratt skimtar Haugane hans Ottar. Haugane der vi brende bål då eg var jente. Og plutseleg fekk utsikten meg til å tenkja og tru at eg muligens kan ha levd i hundre år.
For fram i minnet kom ei appelsinbrusflaske, ei veldig etterlengta brusflaske. Ei av fire i året. Ei brusflaska med eit spikarhol i korken. Slik varde brusen lenger, kolsyra gjekk seinare ut, og vi kunne nyta den lyksalige smaken heile kvelden, ja endå til ha att nokre dåpar til neste dag. Det var ved denne tanken eg brått kjende at dei i radioen i dag hadde rett, erkjenninga kom.
Eg høyrer til generasjonen som vaks opp med ca fire brusflasker for året, ei på 17. mai, ei på søndagsskulens dag, ei på fødselsdagen og ei på Jonsokaftan.
Og så dukkar tanken på alle brusrestar eg har tømt i vasken opp, restar etter brusmette store og små. Verda har endra seg, eg er definitivt mellom dei eldre.
(men no kjem Knut med jordbær og is - det kallar eg "å leve lykkelig med sukker på")

torsdag 16. juni 2011

Søstre

Godt ein ikkje er åleine i verda. Heldig er eg som har familie, ein rimeleg stor familie, ja ein veldig stor familie dersom vi går langt nok bakover. Trist forresten at familiane blir mindre og mindre etter som åra går og generasjonane skifter.
I kveld vil eg skriva ei lita lovprisning til søstrene mine. Korleis hadde livet vore utan dei? Eg hadde vore einebarn i alle fall, og hadde gått glipp av mykje omsorg, hjelp og ærlege tilbakemeldingar.
Eg har ei storesøster og ei veslesøster, og den omsorga dei viser den mellomste søstera er strålande.Telefonar, sms-ar kjem når utfordringa krev litt av den mellomste. Eg kan ringja og eg veit at eg møter engasjement og omsorg. Kos går det ? eg tenkjer på deg - bra dette Kari! - eller var no dette så lurt ? kanskje du heller skulle? og ikkje minst; - no må du roa deg.
Eller som i dag då storesøstera, som veit at den mellomste mislikar sterkt å handla klær, seier i telefonen: Kari, eg har noko du kan få i dag, kom innom! Og så får eg eit nydeleg sett med klær, til og med slike klær som eg kan møta misjonsfolket med om eit par veker - ei sut mindre og eg blir ganske fin!
Eg takkar for søstrene mine! Dei er tolmodige med meg, og eg her den heldige søstera i midten!

søndag 12. juni 2011

Ein kopp kultur

Gamle koppar innheld mykje kultur. Eg har hatt interesse av å samla på gamle kvardagskoppar, og i hytteveggen fylles det opp etter kvart. I det siste har eg "spissa" denne hobbyen til å gjelda koppar frå forsamlingshus og lag og organisasjonar. I dag kom Knut heim frå Frøyset og hadde med seg ein fin kopp frå Hosteland Bondekvinnelag. Den har eg ynskt meg lenge, og eg takkar Henrikke Ynnesdal som har skaffa meg den. Du ser den til venstre saman med den flotte koppen frå bedehuset på Andvik.
Slike koppar er for meg symbol på kultur, fellesskap og engasjement. Bondekvinnene på Hosteland samlast for å få fellesskap og for å læra av kvarandre som bondekvinner. Det er ikkje velfriserte hender med lilla neglelakk som har ført desse koppane til munnen. Nei, det er reinvaska arbeidshender med hard hud og snev av fjøslukt som har fått den velgjerande kaffidråpen dit den skulle. Eg ser det for meg og kjenner meg andektig.
Andektig blir eg også av bedehuskoppen frå Andvik. Den har gjeve mang ein god dråpe til folket i bygda der, også til meg. Om det er samling om Bibel og bøn, julefest eller misjonsbasar, kaffikoppen gjer godt og styrkjer fellesskapet.
Koppane blir for meg symbol på frivilleg aktivitet og engasjement. Symbol på samhald og fellesskap. I Masfjorden er det mange slike koppar - eg har ein del av dei. Målet mitt er å få frå alle bygdene. Kvifor? Fordi dei er symbol på viktige verdiar i desse bygdene eg kjenner meg så knytta til, og fordi dei minner meg om mange strålande menneske som har kokt kaffi og drukke den saman fordi dei hadde eit engasjement! Ikeakoppar og plastkrus tek lett over for den gamle med namn på. Det får så vera, det viktigaste er engasjementet!

lørdag 11. juni 2011

Glad misjonsdame

Du verden kor mykje flott og spennande eg får vera med på! I heile går sat eg saman med landsstyret i NMS og gjekk gjennom rapportar frå prosjekta vi driv verda rundt. Det er til stor inspirasjon, det nyttar!
Det handlar om evangelisering og kyrkjevekst, det handlar om diakoni og bistand, og det handlar om organisasjonsbygging og medverknad.
På nytt blir det tydeleg for meg at arbeidet vårt skapar håp. Evangeliet blir forkynt og menneske får nytt liv. Nye kyrkjelydar vert etablert, 50 nye siste året berre på Madagaskar. Lokalsamfunn blir endra og istandsett til å takla kvardagen. Vatn, mat, helse, miljø, energi fylgjer som resultat av nokre "få" kroner", sett med norske auge.
Eg opplever tydelegare og tydelegare at misjon engasjerer både mitt kristne engasjement og mitt samfunnsengasjement og eg er takksam, ja nesten litt høgtidleg her eg set på ein litt stille lørdagflyplass på Sola og ventar på fly heim. Eg merkar at eg plutselig nynnar på denne strofen; " takk at jeg også fikk ditt kall og skal få være med".
God pinse!