søndag 3. januar 2010

Oppstart 2010

Denne helga er helga der vi førebur oss til ny start. Eg ser på facebook at mange av mine vener skriv om at det er siste fridag, eller at ein gler seg/er klar for/eller kvir seg litt til dagen i morgon, dagen då alt starta opp att.
Då eg var jente var kvelden før første skuledag etter ferie ein vanskeleg kveld. Ikke det at eg eigentleg hadde så mykje å kvi meg for, men spenninga i møte med ein ny kvardag utanfor mi faste ramme var krevjande, og i mange år måtte far vika plassen i senga si for meg framfor slike oppstartsdagar. Det var ei god løysing den gongen.
Eg kjenner litt av det same framleis. Eg er spent på morgondagen og på ein ny oppstart. Det nye året vil by på mange store utfordringar, eg veit det. Ikkje minst tenkjer eg på engasjementet mitt i NMS, og det er der eg startar når eg i morgon tidleg kl 06.00 set meg i bilen på veg til Flesland/Oslo.
I misjonen er det slik at vi vil så mykje, vi ser så mange muligheter, vi ser så mange utfordringar og difor vi blir så frustrerte når økonomien set sine nådelause grenser. Det var jo ikkje for å skjera ned på misjonsaktiviteten eg engasjerte meg, det var jo fordi eg ville vidare ut med julebodskapen!! Men eg prøver å festa blikket litt lenger framme - førebur meg på utfordringane vi må gjennom, og når balansen er eit faktum og inntektene aukar då skal vi vidare, endå lenger.
Eg trur nok at eg skal sova litt i natt, og heldigvis er eg ikkje åleine i natta.
Takk til alle som er med i denne prosessen. Takk for at de ber og gjev støtte.

torsdag 24. desember 2009

God Jul

" Her kjem me Jesus, dine små
og vil til deg i stallen gå
Send oss ditt ljos i hjarta inn
så vegen fram til deg me finn"
God Jul
Eg set her heime på julaftan og kjenner meg så glad
Alt eg treng har eg
Dei fleste av mine er heime
dei andre kjem etter kvart
Vi har det så godt
eg er så heldig!
Du vesle barn i krubba
som er så viktig for meg:
Takk for at du kom og vart ein av oss
Takk for håpet
Takk for meining midt i ei meiningslaus verd
Julebildet eg fann
viser meg at du er for alle
Må mange finna deg!
No luktar det pinnekjøt frå grytene mine
i stallen din var det sauer
Snart skal eg gå på badet og ta på med julekjolen min
eg vil pynta meg til festen vår for deg - vi har fest her heime i kveld, vi her langt i nord, i kalde vinterlandet
Snart kjem presten min heim og ungdomane mine inn frå luftetur i den vakkre vinteren vår
Då har vi det fint!
Eg trur du er her i Masfjorden også, du vesle barn
som gjev dine så djup ein fred
I morgon skal vi feira deg i kyrkja vår på Sandnes
Du skal få vakker musikk, vi kjem til å tilbe deg og lytta til Ordet ditt, og gje vår gåve til riket ditt!
PS! Du vesle barn - sjå til alle som ikkje har det så godt som eg i kveld
dei einsame
dei sørgjande
dei som frys
dei som er redde
- og - ver hjå borna i kveld du vesle barn
lat dei kjenna den trygg julegleda.

tirsdag 22. desember 2009

Gratulerer Eldbjørg

4. søndag i advent, i samband med gudstenesta i Granneheimen, fekk Eldbjørg Mjanger Frivilligprisen for 2009. Det var veldig kjekt og vel fortent. I mange tiår har Eldbjørg samla born til søndagsskule og barneforening. Dette har vore ei oppgåve som har "lagt på" Eldbjørg som eit ansvar, og framleis samlar ho borna på Kvingo til barneforening. I tillegg til dette er Eldbjørg engasjert i Elvikstranda fråhaldslag, og indre og ytre misjon. Mange eldre har oppgjennom åre blitt glad når Eldbjørg kjem innom eller når ho tilbyr skyss til ulike arrangement i bygda. Det er slike menneske friviligprisen er til for, og eg gratulerer Eldbjørg s hjarteleg!
Bilete frå Nordhordland.

mandag 14. desember 2009

Himmel på jord ?

Det er snart jul, eg kjenner det. Møteaktiviteten er avtakande, og meir og meir blir tankar og handlingar konsentrert om det å feira jul. Eg gler meg! Julekonserten i gårkveld i Sandneskyrkja gav meg den forsmaken eg trong. Takk til alle som deltok, og Jo og Marte si tolking av "Himmel på jord" vil eg seint gløyma. Tusen takk!!

Himmel på jord blir det neppe denne jula heller, men lengten og draumen etter fred på jord, fred med seg sjølv, og fred i dei nære relasjonane vert sterke i denne tida. Eg vonar vi i alle høve får eit glimt av himmel på jord denne jula.
(bilete http://www.amdam-art.no/amdam/bilder.htm)
Elles er eg glad for at ein stri møteperiode snart tar ferie. Denne hausten har vore krevjande, ikkje minst i NMS-samanheng. Store endringar i organisasjonen er vedtatt i landsstyret, og på laurdag vart misjonærbarnrapporten lagt fram i Oslo. Det var sterkt å møta over 300 misjonærbarn i alle aldrar, og det vart veldig rett at både NMS og NLM sto fram og beklaga manglande omsorg for misjonærborna. No går vi inn i ei viktig oppfylgingstid.
Misjonsarbeidet er prega av idealisme, visjonar og kall. Foreldreoppgåva står over alt, dette er slått fast gjennom denne erkjenninga.

På heimebane har eg fått vera ordførar dei siste vekene. Det har vore meiningsfylte veker og eg opplever sterkt å høyra til mellom folket her i "fjorden". Kommunestyret sist veke med budsjett og mange saker gjekk overraskande godt, sett med fungerande ordførar sine auge. Så godt som samrøystes på alle punkt i budsjettet er flott, og gode politiske debattar vart gjennomført.

Eg undrar meg av og til over alt eg har fått ansvar for, og eg ber om at eg må gjera jobben på ein truverdig og rett måte. Det er sjølvsagt eit alt for stort ønskje.
Himmel på jord? Neppe, men vi har alle vårt ansvar. Dette kjenner eg på i kveld....

søndag 15. november 2009

Knut Arild

For KrF var Stortingsvalet 2009 ein nedtur. I avisspaltene, særleg i Vårt Land og DagenMagazinet har kommentarane om årsak og vegval vidare vore mange. Det er gledeleg at så mange enasjerer seg og at partiet skapar så stort engasjement, det er mest som ein kunne tru at KrF er landets største og viktgaste parti. Det siste er det jo, men det første ligg vel ei stund fram i tid!
Eg ser mange positive ting med valet i haust, og dei ti vi fekk inn kjem vi til å høyra mykje frå. Særleg gler eg meg over at Knut Arild Hareide kom inn. Den mannen kjem heile landet til å måtta merka seg. Han er ein drivande dyktig politikar, og med vervet som leiar for transportkommiteen kjem han til prega både politikk og mediemangfoldet "fra den innerste krok til det ytterste skjær". Eg gler meg til å fylgja denne hordalendingen som har gjort østlending av seg, og eg er stolt over å vera i same parti som denne karen som i sin tidlegare ungdom vart kalla "bittelilletun". Det er ingen dårleg attest å få. Lukke til Knut Arild!

lørdag 14. november 2009

"Ukeslutt"

Det er ei god skaparordning at det blir helg. Ser stadig på facebook at folk skriv - "snart helg - endeleg helg - gler meg til helga" osv. Vi treng helg!
Men det er jammen godt med kvardagar også, i alle høve når vi får ha meiningsfylte kvardagar.

Denne veka har eg hatt meiningsfylte kvardagar. Eg starta veka som "lobbyist" på Stortinget, og det synes eg er moro. Håpar vi får "napp". Medan eg var i Oslo deltok eg også på KrF sin ordførarkonferanse, og det slår meg stadig at KrF har fantastisk mange dyktige politikarar.

Heime i Masfjorden har vi hatt budsjettmøte i formannskapet. Vi er heldige i høve til mange andre kommunar, vi slepp unna vanskelege prioriteringar men vi treng å setja bremsene på dersom vi ikkje skal koma skeivt ut.
Elles har kvardagen som fungerande ordførar ført meg inn i mange saker, og i dialog med mange menneske. Dette opplever eg meiningsfylt og gjevande, og eg håpar at eg kan gjera ein god jobb i Håkon sitt fråvær.
Misjonsvervet mitt gav meg litt "hakeslepp" i går då eg las DagenMagazinet. Utruleg at det går an å misforstå så gedigent som det journalisetn gjorde. "Aano(gene.sekr) overkøyrd av NMS-styret" sto det, og oppslaget fekk nesten ei heil side. Viss det hadde vore slik var det kanskje grunn til å skriva, men når saka aldri har vore på Landsstyret sitt bord vart det merkeleg. Merkeleg også at det går an å slå opp ei slik sak utan så mykje som å ta kontakt med styret, f. eks. styreleiaren. Godt at det vart retta opp i dag.
Og no er det lørdagskvelden - neste jobb er å finna på noko lørdagsgodt til Knut og meg før eg m.a. tar meg ein tur til Aidensfield...

fredag 23. oktober 2009

Pust ut

Fredagskveld

Heime
Knut og

TV viss eg vil
PC på magen - av og til

Litt knask på bordet

Heilt KONGE

Lenge til mandag, trur eg

Vil eg tru