Eg har møtt ei ung kvinne i svart T-skjorte i dag - ei svart T-skjorte med eitt ord på. Ordet var: "Utryddingstruet". Det var ikkje villaks eller ulv det dreide seg om, men om menneske som var slik som henne. Ei ung kvinne med Downs syndrom.
- Vi snakker så fint om et inkluderende samfunn hos oss, sa ho og spurde - gjelder ikke det for slike som meg? - Vi snakker om at alle skal med, gjelder det også slike som meg? Vi tar livet av foster med Downs, like til 20 svangerskapsuke sa ho vidare. Teksten på skjorta brukte ordet "utryddingstruet"
Brutalt. Eg vågar nesten ikkje skriva det. Sjølv for meg som deler hennar tankar, og er svært kritisk til det manglande rettsvernet det ufødte barnet har i vårt samfunn, så var det sterk kost å høyra den utilsminka bodskapen denne kvinna kom med i dag. Rett i "fleisen" på mange politikarar med stort ansvar i kommunar, fylke og Storting presenterte ho det!
Ho snakka også om det å bli inndelt i grupper, og at det ikkje oppleves som at alle grupper har same verdi. Dette er ikkje denne gruppa åleine om å kjenna, men vi skjønar kva ho meiner, og det stikk oss i hjarta! Ho avslutta talen sin med å syngja Gabriellas sång "Jag vill leva lycklig For at Jag er jag". De skjønar nok at det var sterkt!
Alle vil vi ha eit godt samfunn. Alle vil vi ha eit inkluderande og tolerant samfunn. Alle ønskjer vi å visa livet respekt . Utfordringa er at menneskeverdet må gjelda alle, på alle stadier i livsløpet, også dei 20 første vekene. Menneskeverdet må gjelda uansett utrustning og ytevene, uansett helse, hudfarge og tru.
Dette er ikkje lett. Vi har "ete mykje av kunnskapens tre" vi menneske, og vår oppgåve må vera å bruka denne kunnskapen til å byggja menneskeverd, frå A til Å i livsløpet! Det kviler eit tungt ansvar på oss, vi som stadig får ny kunnskap og som ikkje alltid klarar å handtera den kunnskapen vi har fått til beste for alle. Som f eks det at vi meiner det er rett, og ofte best, å ta bort spirande liv som har fått eit kromosom for mykje, eller som eg har erfart, eit enzym for lite. Måtte vi få visdom og vilje å skapa eit samfunn der alle er med. Om fødselsgåva gjev oss noko for mykje eller noko for lite, så har kvart menneskebarn sitt unike menneskeverd.
Det er denne saka som har gjeve meg eit politisk parti, og eg treng neppe nemna namnet.
lørdag 13. august 2011
fredag 5. august 2011
Ny mobil ?
Gradvis har det kome snikande ein tanke som eg kanskje ikkje kjem til å klara å kvitta meg med før eg har gjort noko med den. Før eg rett og slett har gjort tanke til handling.
Eg er bitte litt usikker på om eg likar denne tanken, eller om det nettopp er det eg gjer. Likar eg eigentleg ganske godt at eg har oppdaga svakhetsteikn på min ikkje så alt for gamle, men likevel så alt for gamaldagse Nokia eit eller anna? Eg skal vera ærleg - eg likar det! Det er berre å tilstå det, eg likar svakhetsteikna litt for godt. Og med dette er det altså sagt - eg ønskjer meg ein slik moderne, slank, flat, stilig, svart, touchtelefon med stor skjerm eg også! Eg har faktisk teke til å tenkja at eg BØR og MÅ ha ein slik telefon! Det er jo ingen andre av dei eg jobbar med eller er saman med (nesten) som set og trykkjer og blar på den måten som eg gjer lenger! Og ALLE les jo aviser, er på mail og på facebook på mobilen. Kan eg verkeleg fungera i jobben min utan ein slik telefon? Eg kjenner meg faktisk litt antikvarisk her eg går med den grå mobilen min.
Men så kjem innvendingane:
- treng eg eigentleg ny mobil, er problemet med den gamle så stort?
- orkar eg å bli kjent med endå ein ny telefon? det blir jo så mykje nytt å setja seg inn i (i tillegg til mine to nye høyreapparat- phu)
- er mann, born og kollegaer villege til å oppptre som mobilstøttekontakt for meg nokre veker?
- er det lurt å skifta rett før ei hektisk tid på jobb? det er jo valkamp snart og tenk om eg ikkje får til å svara når Knut Arild ringjer?
Godt det er helg så eg får tenkt meg om, men ingen skal få meg til å sei at dei ikkje er stilige og freistande desse nye flate maskinene.
Eg er bitte litt usikker på om eg likar denne tanken, eller om det nettopp er det eg gjer. Likar eg eigentleg ganske godt at eg har oppdaga svakhetsteikn på min ikkje så alt for gamle, men likevel så alt for gamaldagse Nokia eit eller anna? Eg skal vera ærleg - eg likar det! Det er berre å tilstå det, eg likar svakhetsteikna litt for godt. Og med dette er det altså sagt - eg ønskjer meg ein slik moderne, slank, flat, stilig, svart, touchtelefon med stor skjerm eg også! Eg har faktisk teke til å tenkja at eg BØR og MÅ ha ein slik telefon! Det er jo ingen andre av dei eg jobbar med eller er saman med (nesten) som set og trykkjer og blar på den måten som eg gjer lenger! Og ALLE les jo aviser, er på mail og på facebook på mobilen. Kan eg verkeleg fungera i jobben min utan ein slik telefon? Eg kjenner meg faktisk litt antikvarisk her eg går med den grå mobilen min.- treng eg eigentleg ny mobil, er problemet med den gamle så stort?
- orkar eg å bli kjent med endå ein ny telefon? det blir jo så mykje nytt å setja seg inn i (i tillegg til mine to nye høyreapparat- phu)
- er mann, born og kollegaer villege til å oppptre som mobilstøttekontakt for meg nokre veker?
- er det lurt å skifta rett før ei hektisk tid på jobb? det er jo valkamp snart og tenk om eg ikkje får til å svara når Knut Arild ringjer?
Godt det er helg så eg får tenkt meg om, men ingen skal få meg til å sei at dei ikkje er stilige og freistande desse nye flate maskinene.
søndag 31. juli 2011
Gater fylt av kjærleik
Dagsrevyen sin Einar Lunde, heldt eit fantastisk foredrag om vegen til forsoning i Sør-Afrika på NMS si generalforsamling i sommar. I fem kvarter heldt han den store forsamlinga engasjert med sin meisterlege forteljarevne og fantastiske engasjement. Dette vart eit av høgdepunkta for mange av oss på dette GF.
Dei store og langvarige lidingane det Sør-Afrikanske folket opplevde i 350 år har andre dimensjonar enn det vi opplever i desse dagar. Det som vi opplever er likevel det mest dramatiske vi har opplevd i landet vårt sidan krigen, og det så meiningslaust, så meiningslaust! Ugjerningsmannen skal domstolen døma. Vår oppgåve er å kjempa for menneskeverd, demokrati og trusfridom for alle.
I veka som har gått har tankane ofte vore innom dette foredraget. Når eg såg rosene mot himmelen, høyrde songen og ikkje minst kronprinsen si helsing på Rådhusplassen i Oslo, gjekk tankane til det eg høyrde Einar Lunde fortelja om Nelson Mandela og Desmond Tutu sin kamp mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Fantastiske historiar om kjærleik, tilgjeving og forsoning. Inspirert av Jesu ord om å elska sine fiendar, omfamna Nelson Mandela den kvite mann! Dette vekte stor forarging, og var uhørt for dei mange som etter lang tids undertrykking og umenneskeleg forhold, kjente lysten til hemn. Men svaret var "utan tilgjeving er det ikkje håp for verda"
Det er vanskeleg å tilgje, men det norske folk har, som Nelson Mandela vald å visa ein annan veg enn hatet sin veg. "I dag er gatene fylt av kjærlighet" sa kronprinsen! Fantastisk utsagn, stort å oppleva!Dei store og langvarige lidingane det Sør-Afrikanske folket opplevde i 350 år har andre dimensjonar enn det vi opplever i desse dagar. Det som vi opplever er likevel det mest dramatiske vi har opplevd i landet vårt sidan krigen, og det så meiningslaust, så meiningslaust! Ugjerningsmannen skal domstolen døma. Vår oppgåve er å kjempa for menneskeverd, demokrati og trusfridom for alle.
"Kjærleiken gler seg ikkje over urett, men gler seg ved sanninga - Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han" seier Bibelen (1. Kor. 13. 6)
Vi må vidare med dei grusome hendingane i vår erfaringsbagasje. Eg ber om at sanninga skal hjelpa oss i sorgarbeid og smerte. Eg ber om at vi må bli tolerante, også ovanfor dei som tenkjer og trur annleis enn oss. Eg takkar for vegen det norske folk har vald desse dagane, det gjev fornya samhald og håp for framtida .
Så ber eg om at vi som enkeltpersonar og folk må finna djupt feste, glede og fridom i vår kristne tru. Vi har alt å tapa om vi i toleransens namn viskar ut vår kristne arv og identitet i landet vårt. Grunnfesta i denne trua er vi trygge og sterke til å visa toleranse.
søndag 24. juli 2011
Mor Kyrkje
Kyrkja er vår mor vert det sagt. I dag har vi opplevd kyrkja vår som ei mor. Over heile landet har kyrkja vore der med eit ope morsfang for borna sine. Tårer og fortviling har blitt utaust, og Mor har delt ut trøyst og håp gjennom varme blikk og handtrykk, gjennom ord og Ordet, gjennom salmar, lys og gjennom varme. "Høg" og "låg" har vore saman. I dag var vi alle born.
"Du har kalla oss til å ha ein heim i di kyrkje på jorda" ber vi i ei av kyrkjebønene våre. Glad vi har denne heimen.
Takk til deg du "Mor kyrkje"! Takk at du framleis lever i landet vårt! Vi er mange som treng deg i dagane som kjem!
lørdag 23. juli 2011
I det meiningslause
Når det meiningslause skjer, må eg låna ord. Svein Ellingsen formar ord og bøner eg opplever godt å bruka.
Midt i alt det meningsløse
Midt i alt det meningsløse
som vi møter her på jorden,
blir vårt hjertes skrik til bønn.
Gud, vi roper: Om du finnes,
finn oss, redd oss når vi synker
i vårt eget tomhets-mørke.
Kom vårt sprengte liv i møte!
La oss i vår trengsel merke:
Under alle dyp er Du!
La oss gripe dine løfter:
Ingen makt skal kunne skille
oss fra Kjærlighetens allmakt.
Selv om ubesvarte hvorfor
stadig dirrer i vårt hjerte,
ber vi, Herre: Gi oss tro,
tro på deg som kjemper med oss
fylt av kjærlighet, i nærkamp
mot det ondes makt i verden.
Om vi seirer eller synker,
skal vårt svake liv bli båret
gjennom liv og gjennom død.
Gud, vi roper: Du som finnes,
finn oss, redd oss, la din nærhet
bli vårt lys i tvilens mørke.
Svein Ellingsen
Midt i alt det meningsløse
Midt i alt det meningsløse
som vi møter her på jorden,
blir vårt hjertes skrik til bønn.
Gud, vi roper: Om du finnes,
finn oss, redd oss når vi synker
i vårt eget tomhets-mørke.
Kom vårt sprengte liv i møte!
La oss i vår trengsel merke:
Under alle dyp er Du!
La oss gripe dine løfter:
Ingen makt skal kunne skille
oss fra Kjærlighetens allmakt.
Selv om ubesvarte hvorfor
stadig dirrer i vårt hjerte,
ber vi, Herre: Gi oss tro,
tro på deg som kjemper med oss
fylt av kjærlighet, i nærkamp
mot det ondes makt i verden.
Om vi seirer eller synker,
skal vårt svake liv bli båret
gjennom liv og gjennom død.
Gud, vi roper: Du som finnes,
finn oss, redd oss, la din nærhet
bli vårt lys i tvilens mørke.
Svein Ellingsen
tirsdag 12. juli 2011
Vakkert
Kva er vakkert?
Det nyfødte barnet -
Den fredfylte gamle -
Kunsten, naturen, orda og kjærleiken -
Det nyfødte barnet -
Den fredfylte gamle -
Kunsten, naturen, orda og kjærleiken -
Eg har halde noko vakkert i handa i dag!
Ei gamal, lengesidanpussa kompottskei i sølv vart vakker i dag
Den låg i arven frå mor si kjøkkenskuffe
Utallege skeier med sviskedessert har den servert oss
Mest sviske, men også sukra rips og fersken frå boksen til 2,95
Mor hadde berre to slike "fine" skeier
Ho synes dei var fine
I dag vart den eine vakker!
Ei gamal, lengesidanpussa kompottskei i sølv vart vakker i dag
Den låg i arven frå mor si kjøkkenskuffe
Utallege skeier med sviskedessert har den servert oss
Mest sviske, men også sukra rips og fersken frå boksen til 2,95
Mor hadde berre to slike "fine" skeier
Ho synes dei var fine
I dag vart den eine vakker!
Vakker fordi mor vedsette den
Vakker fordi mor gledde seg over det ho såg vakkert
Vakker fordi mor gledde seg over det ho såg vakkert
Eg såg blikket som fòr over skeia før bruk
Eg såg handa som sette den i skåla
Eg såg fingrane som gjorden den rein
Eg såg den var verdifull for henne
Eg såg handa som sette den i skåla
Eg såg fingrane som gjorden den rein
Eg såg den var verdifull for henne
Kva er vakkert?
Det eg har sett i dag vart vakkert
Det eg har sett i dag vart vakkert
torsdag 7. juli 2011
Ingen ting i morgon
Kva skal du i morgon? Det er eit vanleg spørsmål her i heimen og sikkert også i dei fleste heimar. Vi må fylgje med kvarandre sjølvsagt, og vi gjer det både av praktiske omsyn og fordi vi er interessert i kva dei andre har av oppgåver og arbeid.
No er det ferie, og kva skal vi i morgon? Vi kan vakna når vi vaknar og ha lang frukost viss vi vil - veit eg. Berre tanken på at klokka ikkje ringjer kan få meg til å stå tidleg opp! Godt at det er slik av og til.
I morgon treng eg ikkje tenkja på kva eg skal ta på meg, det er nydeleg! Eg treng ikkje tenkja på om eg blir ok på håret og at eg ser presentabel ut. Herleg rett og slett!! Eg trivest med ein litt "sluskete" feriekostyme, kjenner meg ufatteleg fri i gamle utvaska klær. Eg treng heller ikkje tenkja på kva eg skal meina, målbera, skriva eller planleggja.
I morgon skal eg ta ei rive og raka litt, trur eg. Eg skal sjå at dissestativet kjem på plass, trur eg, og så skal eg for mitt indre sjå små barneborn sitja på kvar si disse og smila til meg, drøymer eg.
Så skal eg ha meg ein tusletur, tenkjer eg. Er ikkje i trimme- eller fjellform, så det blir nok ein tusletur reknar eg med. Men då må sola koma, meiner eg. Då kan vi også sitja på terassen og lata oss, håpar eg.
Kanskje blir morgondagen heilt annleis, men eg veit at det er ting eg ikkje skal i morgon!
Takk til samfunnet vårt som gjev oss ferie. Det er luksus, veit eg. Tanken går til dei som kvar dag kjempar sin livskamp for mat og drikke til seg og sine. Eller til dei som ikkje har ferie fordi dei ikkje har helse eller arbeid. Eg er priviligert kjenner eg, her eg går sakte og ferierar og prøver å finna nye krefter.
No er det ferie, og kva skal vi i morgon? Vi kan vakna når vi vaknar og ha lang frukost viss vi vil - veit eg. Berre tanken på at klokka ikkje ringjer kan få meg til å stå tidleg opp! Godt at det er slik av og til.
I morgon treng eg ikkje tenkja på kva eg skal ta på meg, det er nydeleg! Eg treng ikkje tenkja på om eg blir ok på håret og at eg ser presentabel ut. Herleg rett og slett!! Eg trivest med ein litt "sluskete" feriekostyme, kjenner meg ufatteleg fri i gamle utvaska klær. Eg treng heller ikkje tenkja på kva eg skal meina, målbera, skriva eller planleggja.
I morgon skal eg ta ei rive og raka litt, trur eg. Eg skal sjå at dissestativet kjem på plass, trur eg, og så skal eg for mitt indre sjå små barneborn sitja på kvar si disse og smila til meg, drøymer eg.
Så skal eg ha meg ein tusletur, tenkjer eg. Er ikkje i trimme- eller fjellform, så det blir nok ein tusletur reknar eg med. Men då må sola koma, meiner eg. Då kan vi også sitja på terassen og lata oss, håpar eg.
Kanskje blir morgondagen heilt annleis, men eg veit at det er ting eg ikkje skal i morgon!
Takk til samfunnet vårt som gjev oss ferie. Det er luksus, veit eg. Tanken går til dei som kvar dag kjempar sin livskamp for mat og drikke til seg og sine. Eller til dei som ikkje har ferie fordi dei ikkje har helse eller arbeid. Eg er priviligert kjenner eg, her eg går sakte og ferierar og prøver å finna nye krefter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

