I går fekk eg i hende eit gamalt brev, skrive av mor. Det var eit takkebrev frå henne til mor og søstre for julegåver. Det var kjekt å lesa, eg kjende att mor mi, og brevet var godt skrive.
Mor hadde fått ei skei, - den kom no så heilt uventa, eg hadde ikkje venta å få noko, men festleg var det, skriv ho. Kanskje var det skeia eg skreiv om ho fekk jula 1950? Eg vil lika å tru det. - Ho Kari, og det var meg som toåring det, fekk ei dokke i eit badekar og "vart heilt begeistra", skriv mor. "Dal e dokko mi" ropte ho oppatt og oppatt, seier brevet. Det trur eg på, ho Kari kan bli begeistra framleis.
Så fortel ho om sokkar og labbar, lommetørkle, ein kakeboks, seks nysølvskeier frå svigermora, og at han Åsmund(far) hadde kjøpt henne ei kaffikanne! Kjekt å lesa. Mor verkar så glad.
Så skriv ho om kvardagen sin, om at ho burde fått hjelp til å sy klede til oss jentene. "Ingvild går i det blå foldeskjørtet både søndag og kvardag", les eg. Søstrene hennar var flinke til å sy, og ho hadde bruk for hjelp til å sy om konfirmasjonskåpa si til kåpe til søstra mi, skriv ho. Ho hadde ikkje mot til å gjera det åleine. Mor var alltid redd for å setja saksa i stoffet i frykt for at ho klypte feil og spolerte stoffet. Eg hugsar far måtte trå til å tenkja saman med henne. Det minnet kom no medan eg skriv.
Artig var det også å lesa kva ho fortel om Ingvild, som då var 5 år. - "Ingvild skriv så fælt om dagane, det er berre bokstavar det går i og no set ho her og tyt om at ho må få skriva namnet sitt på brevet". Og så står det INGVILD med slike bokstavar som alle femåringar skriv, sjarmerande!
Vidare skriv ho om at ho håpar silda kjem snart slik at far kan få seg ekstra arbeid i Marikoven. Gjelda må betalast. 1700 kr skal betalast i februar, står det. Mykje pengar det. Og så skriv ho at ho håpar at "du mor vil koma når han Åsmund reiser på sildarbeid". Mor likte ikkje å vera åleine med born og fjøs. Eg skjønar henne, og hugsar med glede når bestemor Hopland (som vi kalla henne)kom med sitt milde vesen og sine gode, oppmuntrande ord. Bestemor sa alltid at vi jentene var så fine, og at mor var så flink å stella med oss. Det sådde noko godt i småjentene, vi vart stolte av mor vår! Bestemor var ei flott mor til 12, og bestemor til mange...
Det er rart, og det er godt å lesa dette. Glede over sokkar og labbar, ei skei og ei kaffikanne. Sut for å få klede til borna, og håp om at silda, ekstrainntekt og bestemor skal koma. Sut for det daglege, og glede over det enkle.
Mor og far klarte seg, og dei hadde familie som trødde til med hjelp når det trongs. Ein stor familie, sjølv om mor si slekt var heilt borte på Frekhaug! Det var langt dit den gongen, fram og tilbake på ein dag var ikkje lett å gjennomføra - i dag brukar vi 15 min.
Verda, og tida har endra seg. Mykje til det betre, noko til det som er mindre godt. Sut for det daglege kjenner vi alle, og mange unge strevar med å få endane til å møtast, og til å finna sin plass i familie og kvardag. Glede over det enkle kjenner både små og store i dag også, det ser og opplever eg stadig! Likevel, eg er trur dei små gledene varer kortare enn for 60 år sidan. Vi er stadig på jakt etter nytt og reklamen skaper behov for stadig nye ting. Likevel, jakta på nye kortvarige gleder gjer oss neppe lukkelegare enn det mor og småjentene hennar vart for fine lommetørkle, ei kaffikanne og ei lita dokke jula 1950.
(Biletet: bestemor Hopland)
søndag 30. oktober 2011
lørdag 15. oktober 2011
"En dag skal vi danse, skal vi feire"
Livet er vakkert og livet er vondt. Er vi heile menneske så oppdagar vi begge sidene, og erkjenner dei begge. Denne haustferien har stadfesta begge sidene for meg.
Nydelege barneborn og flotte born/svigerborn har vore innom. I dag kjem nokre tilbake, pluss tanteborn og vesle Jakob. Det er stort, og eg gler meg her eg sit og passar lørdagsgrauten som helst skal bli nok til åtte personar. Som ein bonus har vi også fått nokre nydelege haustdagar med fargar som gjev ro i sjela.
Det er ikkje vanskeleg å sjå Gud i det vakre og gode, det er noko vanskelegare å sjå og forstå kvar han er i det vonde. Eller er det det ? Om eg les Skrifta rett så er det faktisk han vi møter i våre lidande medmenneske. "Eg var svolten, tørst, naken, sjuk, i fengsel og framand," les vi og "det de har gjort (ikkje gjort) mot mine minste, har de gjort (heller ikkje gjort)mot meg." Dette utfordrar meg!
Nydelege barneborn og flotte born/svigerborn har vore innom. I dag kjem nokre tilbake, pluss tanteborn og vesle Jakob. Det er stort, og eg gler meg her eg sit og passar lørdagsgrauten som helst skal bli nok til åtte personar. Som ein bonus har vi også fått nokre nydelege haustdagar med fargar som gjev ro i sjela.
Men eg har også fått tid til å dvele ved det vonde. Det gjer vondt å lesa om dei kristne sine vilkår i Midt-Austen. Av 1. mill kristne i Iran er det berre 1/2 mill igjen, dei må flykta fordi liv og tru blir truga. Dei koptiske kristne i Egypt opplever undertrykking og det som må kallast forfylging. I Mogadishou har soldatar invadert SOS-barneby, i Johanneskyrkja i Bergen ligg 15 unge menn i angst og usikkerhet. I Thailand er over ein tredjedel av landet ramma av flaum, og det har vore fire drap i Oslo dei siste dagane. I stikkords form er dette noko av det vonde vi har blitt møtt med denne veka. Vi kjenner på avmakt.
Det er ikkje vanskeleg å sjå Gud i det vakre og gode, det er noko vanskelegare å sjå og forstå kvar han er i det vonde. Eller er det det ? Om eg les Skrifta rett så er det faktisk han vi møter i våre lidande medmenneske. "Eg var svolten, tørst, naken, sjuk, i fengsel og framand," les vi og "det de har gjort (ikkje gjort) mot mine minste, har de gjort (heller ikkje gjort)mot meg." Dette utfordrar meg!Det gode og det vonde vil utfordra oss heile livet, men eg likar å nynna på Bjørn Eidsvåg si vise om at "en dag skal rettferdigheten seire, en dag skal vi danse skal vi feire", og eg håpar og ber om at eg ikkje blir så rik og sjølvopptatt at eg ikkje får oppleva det!
onsdag 12. oktober 2011
Ein god dag!
Mange har gratulert og ynskt meg ein god dag i dag, uvanleg mange, og facebook skal ha takk for det. 12. okt for lenge, eller kanskje berre for litt sidan, kom ei lita jente til Skår, og i dag har ho feira endå ein fødselsdag.
"Ha ein god dag", har mine vener meldt meg, og eg kan kvittera: Eg har hatt ein veldig god dag!
To små jenter kom i senga til bestemor tidleg i dag. Med smil, og pakker og kort! Stor stas og så absolutt eit høgdepunkt. Men eg har også gledd meg over vakker haustsol og ein dag utan ein så mykje som ein einaste regndråpe. Eg har hatt det fint i Bergen, og ikkje minst på kaffibesøk hjå Bente på Askøy!
Skårajenta er ei heldig jente og ho takkar vener, familie og Skaparen for livsglede, fellesskap, helse og arbeidslyst! Og så sender ho ei helsing tilbake til alle sine vener med ønskje om alt godt til dykk!
søndag 9. oktober 2011
Under våre hattebremmar
Vi kvinner likar å møtast. Slik har det vore, og slik er det framleis. Vi likar å koma saman for å dela tankar og liv, dela praktiske utfordringar, fortelja om born og barneborn, dela kakeoppskrifter og snakka om motar, dela jobberfaringar og reiseopplevingar, diskutera ting vi har lese eller sett på TV, opna våre tankar om tru og tvil, be saman, dela engasjement om kultur og politikk, og mykje, mykje meir. I mange stover, og rundt kafèbordet rungar latteren og fell det tårer når vi ser kvarander og deler liv med kvarandre.
Det er fint med dette fellesskapet, stundom organisert, andre gonger impulsivt.
Vi har krossa våre hav i
både storm og stilla
herda
Det er fint med dette fellesskapet, stundom organisert, andre gonger impulsivt.
Denne veka har eg hatt ei luksusveke! To slike kvinnefellesskapskveldar på ei veke er ikkje kvardagsskost, men godt og kjekt har det vore!
Benta Bratlund Mæland skriv om å møtast under hattebremmane. Det passar fint på det søsterskapet eg har opplevd denne veka.
Under kvar vår hattebrem
Vi møtes
Vi møtes
under kvar vår hattebrem
ranke
berande våre levde liv
Vi ler mot kvarandre
og trassar vindkastaVi har krossa våre hav i
både storm og stilla
vi to
vi er blittherda
og mjuke mot livet
fredag 30. september 2011
Lilla lyngblomst
Det har vore ein fantastisk septemberdag! Nydeleg temperatur og ei disig sol som sendte varme haustfargar inn på netthinna. Eg har hatt heimekontordag, og avslutta dagen med ein tur innover bygda, mot kyrkja på Seim.
I dag var det rette dagen til å planta lilla lyng på gravene. Det var dagen der eg kunne vandra stille på kyrkjegarden, lesa namn, ruska vekk slappe lobelia og avblomstra fuksia, og setja ned frisk, fin lilla lyng.
Då eg var jente hadde vi ingen graver å stella i familen vår. I dag har eg stelt seks. To barnegraver, to foreldregraver og to besteforeldregraver. Alle seks var "mine graver", det står Sørheim og Skår på dei. Tap, sorg, vemod, takk og kjensle av å høyra til vart omslutta av haustsola sine avdempa, gyldne fargar i dag.
Livet er vakkert og underleg - døden er uungåeleg.
I Skrifta finn vi ord om det meste. I dag tenkjer eg på dette:
"alt som hender under himmelen, har si tid,
ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp"
Slik er det berre!
Kva gjer sorga og tapet med oss? Eg kan ikkje svara kort på det. Tida lækjer ikkje alle sår, men tida og livet mildnar tapet og aukar håpet! Det kan eg takka for!
I dag var det rette dagen til å planta lilla lyng på gravene. Det var dagen der eg kunne vandra stille på kyrkjegarden, lesa namn, ruska vekk slappe lobelia og avblomstra fuksia, og setja ned frisk, fin lilla lyng.
Då eg var jente hadde vi ingen graver å stella i familen vår. I dag har eg stelt seks. To barnegraver, to foreldregraver og to besteforeldregraver. Alle seks var "mine graver", det står Sørheim og Skår på dei. Tap, sorg, vemod, takk og kjensle av å høyra til vart omslutta av haustsola sine avdempa, gyldne fargar i dag.
Livet er vakkert og underleg - døden er uungåeleg.
I Skrifta finn vi ord om det meste. I dag tenkjer eg på dette:
"alt som hender under himmelen, har si tid,
ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp"
Slik er det berre!
Kva gjer sorga og tapet med oss? Eg kan ikkje svara kort på det. Tida lækjer ikkje alle sår, men tida og livet mildnar tapet og aukar håpet! Det kan eg takka for!
onsdag 28. september 2011
Kvinneskjebner
Eg las ein kommentar av Petter Stordalen i går, og denne kommentaren førte til at eg vart mykje i Etiopia i tankane resten av dagen. Tankane gjekk m.a. til ei oppleving på ein kafè i Vest-Etiopia der vi hadde oss ein rast på veg frå Begi til Addis. Det var ein utruleg stank på den kafèen, og sjølv om det var ein utekafè var det svært ubehageleg. Lukta var av sterk, sterk urin, og det kom frå ei gruppe unge kvinner som ganske fort forsvant inn i ein minibuss. Det var ingen tvil - dette var kvinner som lei av fistulaproblematikk. Med det same dei hadde gått, kom personalet og fjerna stolar og bord dei hadde brukt. Det var ei trist oppleving.
Petter Stordalen hadde også møtt slike kvinner, og kommentaren eg las i går var denne "Når kvinner jeg møter sier at de heller vil dø enn å leve videre med fistula, så gjør det noe med deg."
Over 9000 kvinner i Etiopia blir kvart år i samband med fødslar, ramma av fistula. Livet deira blir totalt endra. Mange blir utstøtte frå familiane sine, og langt frå alle får hjelp.
Så tenkjer eg tilbake på samtalen vi hadde i legebustaden ved sjukehuset i Aira, der legen og helsepersonell fortalde både hjarteskjerande og rørande historiar frå kvinner med fistula sine liv. Eg klarar ikkje skriva om det verste eg høyrde. Mest inntrykk gjorde det kanskje likevel å høyra om den unge mannen som så gjerne ville gje kona si hjelp, som fekk henne til sjukehuset, og som sat ved senga hennar kvar dag og ikkje veik frå hennar side. Godt var det også å høyra om, og møta kvinner som hadde fått hjelp, og som endå til kunne få born igjen etter operasjon.
NMS sitt kvinnearbeid i Etiopia gjev hjelp til slike kvinner, og er ein viktig del av vårt arbeid. Både medisinsk hjelp med dei aktuelle problema, men også hjelp til eit mest mulig menneskeverdig liv for dei som ikkje har fått hjelp. F.eks det å kunna ha ein buss dei kan køyra til sjukehus, og anna praktisk utstyr til hygiene. Å utdanna jordmødre og betra fødselshjelpa er grunnleggjande viktig for at talet på skader skal gå ned. Det er ikkje unge kvinner verdig å ha det slik! Eg skjønar Stordalen, det gjer noko med ein - eg har også sett og møtt - og det er ikkje lett å gløyma. Vil du vita meir, og vil du hjelpa kan du sjekka her.
lørdag 24. september 2011
Tap og vinn med same sinn
"Tap og vinn med same sinn" sto det ofte på kamplistene til borna på den tida då yttergangen var full av småstein, og lukta av sure fotballsko var det som møtte nasa då vi kom inn. Trenarane ville med denne setninga fortelja sine håpefulle spelarar at det viktigaste ikkje var å vinna, men å gjera sitt beste og å ha det kjekt! Eigentleg litt rart at vi forventa at borna skal ta alt med "same sinn", når dei ser kor blodig alvor det er på den vaksne banehalvdelen. I desse dagar pøver mange politikarar å leva etter same regelen. Som for fotballspelaren, så er ikkje dette enkelt for politikarar heller. Har ein ambisjonar og sterk motivasjon, er resutatet viktig både for små og store. Vinn vi - taper vi - vil det bli stang inn eller stang ut - har ein skote langt over mål, eller taper ein rett og slett på eit straffespark?
Valnatta kan vera både god og dramtisk, og politikk byggjer på tillit, tillit frå veljarane!
Valnatta kan vera både god og dramtisk, og politikk byggjer på tillit, tillit frå veljarane!
Når valnatta er over startar kampen om posisjonar, og fordeling av verv. Ombodsverv!! Då blir det ein ny kamp som set krav til ryddig spel.
Eg har opplevd ein del slike rundar opp gjennom åra, og møtt mange både vinnarar og taparar. Personleg har eg opplevd spel som førte til stang ut, og eg veit at det kan kjennast krevjande å etterleva mottoet på kampplanen, "tap og vinn med same sinn".
Vi blir glade og litt "høge" når det er klart at vi vinn, og vi blir skuffa og går ein tur i kjellaren når vi taper. Det er naturleg, fullt lovleg og menneskeleg! Difor skal ingen kritiserast for å visa glede over siger eller at ein blir skuffa over tap! Skulle berre mangla, vi er menneske sjølv om vi er politikarar. Eg vil gjerne møta den som klarar å møta vinning og tap med same sinn!
Min vesle refleksjon skal avsluttast med å ønskja alle nyvalde politikarar til lukke med den plassen de har fått på ombodsbana. Det er eit privilegium, og eit stort ansvar å vera ombodskvinner og menn. Eg veit at de alle, om enn med nokså ulik politisk ståstad, ønskjer det beste for innbyggjarane i kommune og fylke.
PS - for første gong på 24 år seier eg "de"om politikarar - det vart litt rart det...
Abonner på:
Innlegg (Atom)


