lørdag 12. mai 2007

Betre veg til Andåskrysset

Kva skal til for at folk skal bu i Masfjorden? Det er sjølvsagt mange faktorar som spelar inn, og for KrF er eit godt oppvekstmiljø satsingsområde nummer ein.
MEN - dette forhindrar ikkje at vi også ser at det er viktig med veg! Vi helsar difor velkomen planane prosjektgruppa arbeider med, om m.a. å få laga ein reguleringsplan for kryssing av Mjangervågen, og ny veg forbi Hope.
sjå Strilen. Skal bygdene på sørsida utviklast og folk vilja busetja seg her, er betre veg heilt naudsynt. Vi støttar at det må arbeidast for å få dette inn på vegplanen snarast. I tillegg bør vi snart få av konsesjonskraftsmidlane til samferdselstiltak i kommunen, og vi har forventningar til at arbeidsgruppa ordføraren deltek i, kjem fram til at dette er eit rettferdig krav. Vi har lenge nok måtta akseptert at pengane går til Hardangerbru. Lukke til Håkon!

Ingen kommentarer: