mandag 21. mai 2007

Gitarhusløysing?

Er det gitarhus som er løysinga for Masfjorden? Kanskje det er det som skal til for å få fart på bustadbygging og skaffa oss fleire innbyggjarar? Gitarhus, eller tubahus, eller orgelhus, eller??? Vi hadde i alle høve hatt musikarar som kunne flytta inn! Kurt’en byggjer seg ei gigantisk gitarhytte til ein sum vi knapt vågar tenkja, men kreativ er den, og tøff er den spør de meg.
Og kreativ tenking likar eg.
Mange unge masfjordingar har tenkt kreativt også dette siste året. På Haugsvær, på Sandnes og i Skjelsundet tenkjer unge kreativt, og husdraumen tek gradvis form. Vi seier Gratulerer, og vi seier Takk for gode medieoppslag som de har bidratt med der de seier at kommunen har gjeve dykk god hjelp. sjå BT

Den beste reklame kommunen kan få er nøgde innbyggjarar.




KrF har oppgjennom åra prøvd seg med eigne framlegg og støtta andre parti sine, for om mulig å få fart på bustadbygging - billege tomtar- tomtar på auksjon - etablerarstøtte – dispensasjonar osv. Vi vil framleis arbeida med dette, auka busetnad er jobb nr ein! No treng vi fleire tomtar på Sørsida, og initiativa som vert teke av private og av Sandnes Vel må støttast aktivt av oss som er politikarar.

Når vi i tillegg til dette investerar i eit godt oppvekstmiljø for dei små som skal bu i husa, ja då vil vi lukkast.
PS. Vi er spente på bygdeutviklingsmøte på Matre på onsdag….

3 kommentarer:

Filip Rygg sa...

Spennende tanker! Du MÅ bli ordfører!!

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Hei Kari. Dette er jo heilt profft. Du slår alle blogger! Flott!

Kari sa...

Takk for positive tilbakemeldingar. Det viktigaste er at Masfjorden får blomstra, og at KrF gjer eit godt val!!