onsdag 16. mai 2007

Bønder og biovarme

Eg likte det eg las i Strilen i går, Sigvard!
Innanfor næringsutvikling er det få ting som inspirerar meg meir enn når bønder kjem med nye og framtidsretta løysingar. Eg let meg inspirera av kreative bønder som prøver å finna nye måtar å utikla drifta si på, og eg tenkjer at det er bonde eg skulle vore... I tillegg til at ideen dykkar er god for bønder og skogeigarar, er den god for miløet, for energisituasjonen og for kompetanseutvikling innanfor bruk av biobrensel.
I Masfjorden KrF sat vi for ei veke sidan og drøfta utvikling av landbrukspolitikk i kommunen . Korleis kan bøndene i Masfjorden få meir att for skogen sin? Korleis kan det inspirerast til uttak av skog som hindrar attgroing av vakkert naturlandskap? Vi snakka om biovarme... Så kjem de med planane, initiativet og vi vil fylgja det med interesse.
Landbruksforhandlingane er i skrivande stund i hamn og tre slitne karar sto fram på skjermen og sa seg nøgde. Ca 17000 kr forstår eg er det bøndene skal få. Eg skal ikkje uttala meg sterkt om dette, men registrerar med ei forsiktig glede at sauebøndene skal vera vinnarar. Om dette er slik, så er jo bra for Masfjordbøndene.
KrF sitt landsmøte i april vedtok ein uttale om landbrukspolitikk. Les her
PS Sigvard - det er mange grantre på Skår - alt for mange - eg sel dei umiddelbart!

Ingen kommentarer: