onsdag 6. februar 2008

Brunost

Brunosten er eit herleg norsk femomen - brunkokt mjølk til fast form som gjev pålegg til uttallege skiver i norske magar. Sjølv ei lita norsk jente i Thailand, som eg ofte lengar etter, ønskjer seg brunost når det kjem norgesbesøk.

Masfjorden har sin eigen "Brunost" Neppe laga av berre mjølk, sjølv om det var den første føda for desse karane også. Vårt lokale band har vunne seg plass til Ungdomens Kulturmønstring til våren, og eg heiar på dei. Synes det er så flott at dei har glede av musikken sin, og at dei når vidare med den. Dei er nok eit bevis på at den lokale kulturskulen utviklar og gjev ungdomen eit musikkalsk grunnlag dei kan byggja vidare på. Kjekt å registrera at dei utviklar sin eigen stil, og opplever glede ved å formidla frå ein scene. Flotte karar som eg ønskjer lukke til.

Karane heiter Kåre Andre Hjartholm (gitar), Arild Haugsvær (gitar/song), Øystein Bolset Strand (bass) og Torgeir Andvik (slagverk).

PS- eg skulle gjerne visst korleis brunostnamnet har hamna på denne gruppa - har det med nistepakka til ein annan gitarist i nærmiløet å gjera? Har du svaret hadde eg likt om du la det på ein kommentar.

1 kommentar:

Anonym sa...

ei vandre historie i musikkbransjen seie at det var ein tidligere gitarist som hadde brukt dette namnet i 30 år som sa me burde bruke Brunost.