torsdag 1. januar 2009

Etiopia

I morgon startar eg på reise til Etipoia. Eg er invitert til Mekane Yesus kyrkja sitt 50- årsjubileum 17.-18. januar, og når eg først reiser til dette misjonfeltet skal eg bruka neste veke til å vitja prosjekt og kyrkjelydar der NMS er engasjert. Eg ser med spenning fram til mi "første misjonsreis" som landsstyreleiar i NMS. Det skal bli flott å feira jul (6.jan) med kyrkjelydane, og flott å sjå landbruk- helse- og kvinneprosjekt i området.
Misjon er ei stor sak, oppdraget er gjeve av han som kom som eit lite barn, og som vi nett har feira her hjå oss.
Misjon er å tilby evangeliet om Jesus
Misjon er å tena medmenneske
Misjon er å arbeida for utvikling og rettferd
- eg kjenner meg priviligert som får vera med i dette arbeidet.

2 kommentarer:

Tone Marit sa...

God tur! :)

Therese sa...

God tur, Kari:) Er sikker på at du får mange opplevingar! Vonar å få lesa om nokre av dei her i bloggen din.
Guds fred på reisa
Therese