onsdag 4. februar 2009

Framleis jordbruksareal

Etter ein heller lang, og til tider varm debatt har saka om bustadtomtar på landbruksareal på Matre enda godt, sett frå Masfjorden KrF sitt syn. Det vi heile tida har stått for, har blitt det endelege resultatet som eit einstemmig kommunestyre gjekk for i går.Prinsippet i denne saka er viktig, matjord skal vernast så langt råd er. Sjølv om arealet det her var snakk om var lite, så er det her vi har fått vårt ansvar. Etter klåre signal frå overordna landbruksstyresmakter vart saka vedtatt utan debatt i går.
Når denne saka no er avklart vert neste steg å koma vidare i høve til bustadutfordringa på Matre.
Mitt forslag er - start med å bygga eit næringsbygg i Sandgropa og planlegg bustader på toppen. Når vi så får avklaring på vassverksaka så set vi i gang med vidare utvikling av bustader på Stien.

2 kommentarer:

Arnold sa...

Kloke tankar frå Masfjorden krf. Her er fleire gode alternativ utan å ta av noko av den beste dyrka marka i Masfjorden. Ikkje eit skriftleg innspel i høyringsprosessen har argumentert for dette heller!Masfjorden krf har jobba godt og halde stø kurs, og i mai-møtet i kommunestyret mangla krf berre 1 stemme for å fleirtalet med seg. Eg trur ikkje det skal gå mange år før folk vil takka for kvar kvaderatmeter dyrka mark me har att her i landet. Krf har prova lokalt og nasjonalt at dei tek landbruk og jordvern på alvor. Mykje kunne òg vore sagt om rådmannen si handtering av denne saka, med det skal koma ein annan gong.
Matre har framtida for seg og vil koma til å utvikla seg postitiv fram mot år 2015!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for dette. Eg ser fram til å arbeida vidare med utviklinga på Matre.