tirsdag 3. februar 2009

Kaffi

Kaffi smakar godt for dei fleste. Biletet over tok eg på ein liten kaffiplantasje på eit av prosjekta NMS er med å støtta i Vest-Etiopia. Små kaffiplantar utviklar seg under eit naturprodusert "soltak" og blir etter kvart til ei kjærkomen inntekt for ein familie og eit lokalsamfunn.
Når vi får eit lite innblikk i kva det betyr for lokale bønder og produsentar at vi f. eks. er medvitne kaffikjøparar, ja då trur eg vi alle går over til å kjøpa "Rettferdig kaffi" eller "Fairtraid" merka varer.
Eg er svært nøgd med at komunestyret i dag støtta KrF sitt forslag om å arbeida for ein gjennomgang av kommunen sine innkjøpsrutinar med tanke på etisk handel og at miljøomsyn blir tatt!

2 kommentarer:

Beate Husa sa...

Bra! Sund kommune har og gått inn på ein "FAir trade"-avtale.

Kari og Knut Fr. Sørheim sa...

det er bra - vi kjem etter