søndag 4. oktober 2009

Her er eg

Eg har forstått at nokre av mine blogglesarar etterlyser meg, og ikkje minst at eg kjem med ein valkommentar. Og eg kan vera ærleg, valet gav ikkje inspirasjon til ein kjapp og sprudlande kommentar..
For å sei det beint ut - eg vart veldig skuffa på valnatta der eg sat med alle mine fantastiske medarbeidarar og vener og såg resultatet.
Eg var ikkje kjempeoptimist på førehand, det er no liksom ikkje meg det, men når ein har jobba med valkamp dag og natt i all den tid, og fått SÅ mykje positiv og god tilbakemelding, ja då vart nedturen bratt, for å sei det enkelt. Og lat det vera sagt - det var ingen trøyst at det gjekk verre med Venstre.
Men folket har talt. I frykt for å få Jens stemde dei på Siv, og i frykt for å få Siv så stemte dei på Jens.
Kvifor skulle folket stemma på eit lite KrF som ønskjer å snakka om menneskeverd, verdiar, miljø, og rettferdig fordeling når ein kan stemma mot bompengar og skatt, eller for statleg styring og meiningstvang?
Kanskje klarte vi ikkje å få fram det vi ville, eg innser det. Men prøv den som vil å styra media sin dagsorden. Vi har prøvd. Denne gongen vart det Jens og Jensen med nokre heiderlege unntak.
No er forklaringsjakta i gang. Synsarar er ute i avisene kvar dag. Vårt Land har gjort det til følgjetong i avisa si, det er synsarar og forståsegpåarar si tid no, og gallupen held fram med å dala.
Men dette kjem til å gå bra det, eg er faktisk overtydd om det! KrF er ikkje borte frå arenaen, og med det mannskapet vi har kan eg garantere at det kjem nye tider. Dersom det berre var folk som meg som ville halda liv i partiet hadde eg forstått krisestemninga, men i mine kretsar er eg ofte den med gråast hår og hjerneceller, og som er skrøpelegast til beins! Vi har mange lettbeinte, med kvikke unge hovud som saman med ein del av oss gråstenkte har rista skuffelsen av oss og står på for partiet. Vi skal kjempa for dei verdiane vi trur på - for menneskeverdet, nestekjærleiken, forvaltatansvaret og rettferdig fordeling i verda. Vi skal kjempa for familien og barnet sine rettar, for distriktet og byen, for eldre og sjuke, for fattige og rusavhengige, for miljø og klima, for næring og landbruk, for kultur og trusfridom og alt det andre....
PS - og viss nokon synes eg er lat på bloggen så er det fjesboka som har skulda.

2 kommentarer:

Arnold sa...

Da va godt å sjå at da va liv i deg, Kari. Eg visste jo for så vidt da då..., men da e godt å få stadfesta at du e` byrja å sjå framøve att! Det e` liten tvil om at me treng i eit sterkt Krf i eit strekt sentrum. Ei viktig utfordring vil likevel etter mitt syn vera kva strategi ein vel i høve til evt samarbeidspartnarar. Her står sentrum overfor eit kjempedilemma. For mange har nok også frykten for eit "blåare" Høgre vore med å påverka kva stemmesetel som var lagt i urna.

Elles e` da då ein del av oss "middelaldrande" som enno ikkje har debutert på fjesboka. Gløym ikkje oss!!!

Lukke til!

Kari Skår Sørheim sa...

Kjekt at du fylgjer med meg Arnold. Vi er nok ganske einige når det gjeld sentrumsprofil og uro for blåfargen. Kanskje opnar det seg ei dør mot ein annan rettning, eg har tru på det, kanskje før vi anar.
Elles lurar eg på om det er meir vatn att opp i skyene - kanskje må eg filosofera litt over det i kveld..