mandag 10. januar 2011

Våg meir

"Våg meir" er årstema for NMS 2011. Eit vågeleg og dristig tema, men eg likar det! Eg likar å bli utfordra til å våga endå litt meir.
Tema minner meg forresten om då eg var liten og gjekk med far i arbeid på garden. Det var noko eg lika! Når far utfordra meg til å gjera ting eg eigentleg tenkte var litt for vaksent for meg, så våga eg det likevel fordi far meinte at dette klarte eg! Eg har mange slike minne om barrierer som eg braut fordi eg vart utfordra, og fordi far trudde at dette klarar jenta. Og så hadde vi det så kjekt saman. Eg tenkjer med glede på humringa hans og glimtet i auga hans når vi fekk det til.

Gjennom eit etter kvart langt liv, er det mange som har utfordra meg til å våga meir. Eg er glad for det. I 2011 er det NMS som utfordrar meg til å "Våga meir" for misjonen si sak. Ja, eg skal våga meir, og eg skal gjera det av same grunn som då eg var lita, fordi eg har ein Far som trur på meg, og som merkeleg nok har bruk for "ei hand" av vesle meg. For, som eg likte å gå med far i skog og på åker, så likar eg også å gå med Far på "misjonsmarka". Det er meiningsfylt å bruka krefter saman med andre som også er innstilt på å våga meir! Så gjeld det for meg, og for alle som ønskjer å våga endå litt meir, at vi finn den beste og gode måten til å bruka engasjementet vårt på!

Ingen kommentarer: