lørdag 4. februar 2012

Fuglebrettfilosofi

Eg likar det eg ser på fuglebrettet i dag. Aktiviteten er stor og trafikken tett! Kjøttmeisene er i fleirtal, så kjem blåmeis og lauvmeis (eller kanskje det er granmeis - eller begge deler?) som nr to, og tre. Den frimodige spettmeisa kjem også deisande, og då må dei andre vika for ei lita stund. Eg likar oppsynet på spettmeisa, men hadde eg vore blåmeis hadde den nok iritert meg litt. I dag har det også vore finkar innom. Eg likar at mangfaldet aukar.
Nede på bakken set skjora og svarttrosta og baksar i snøen, og i dag har eg kosa meg litt over deira posisjon. Kanskje er eg litt stygg. Store og pågåande som dei er, så må dei ta til takke med "smular frå dei rike sitt bord". Dei får ikkje plass oppe ved bordet, fordi vi har laga fuglebrett som ikkje passar storleiken deira.
Eigentleg kunne eg jo gått ut med litt brødsmular til dei, eller med restar av julekakene... Det hadde sikkert vore godt for dei det. Kanskje eg gjer det, i morgon når lyset kjem. Men i dag er det dei små sin suverene plass eg frydar meg over.
- Kanskje er det for stor ein tanke, kanskje ville det få alt for alvorlege konsekvensar for meg om "ønskjetanken" min om å overføra biletet frå fuglebrettet til menneskebordet hadde blitt ein realitet. Ikkje det at eg ikkje vil at dei store også skulle få sin mette, men at det skulle vera ein skjerma plass for dei små....  eller at eg hadde hatt vilje og evne til å dela

"Herre din jord bærer mat nok for alle
takk for den delen du vil vi skal ha!
Lær oss å dekke et langbord i verden
som alle kan reise seg mette fra."

Ingen kommentarer: