søndag 12. februar 2012

Klubben på trappelemmen

Det har blitt mange møte etter kvart. Mange typar møte - styremøte, kommunestyre og formannaskapsmøte, misjons og bedehusmøte, kyrkjemøte, forenings og komitemøte, ja endå til i Stortingssalen har vesle meg vore på møte. Mange timar av livet har eg brukt på møte, og eg trives med det framleis. Eg likar å få ting til saman med andre! Også denne helga har eg brukt nokre timar på saksdokument og førebuing til møte.
Eg kom i tankar om mitt første møte med møtekulturen i dag, og det henta fram gode minne. Aktiviteten starta på klubbmøte på trappelemmen i nabohuset. Vi var fem born som samlast der, ein gut og fire jenter. Guten var eldst og var leiar. Eg inbiller meg at han var initiativtakar til klubben, som var ein slags 4-H inspirert klubb. Eg kan ikkje hugsa om han vart vald som leiar, men det hadde han nok blitt dersom det hadde blitt spørsmål om det. Han hadde sin eigen faste plass inni eit skap! Plassen hans skapte respekt, og den nødvendige autoriteten som ein kvar leiar må ha, og vi fann det heilt naturleg at skapet var hans! Vi jentene sat på ein benk ut forbi.
Programmet inneheld klubbsong som var sjølvlaga, og som handla om klubben vår. Eg hugsar litt av den, den starta slik: "jeg liker meg godt i klubben vår her, alle er snille, hver i sær..." (merkeleg at den var på bokmål, Hjørdis). Så las vi referat frå sist møte og valde ny referent. Kanskje las vi noko frå eit eller anna barneblad også. Så planla vi kva vi skulle gjera på neste møte. Vi hadde utflukter i skog og mark, samla plantar eller fann stader vi trudde reven hadde hi og planla å laga felle. Stundom sydde vi. Leiaren var så flink å teikna fine hestar og fuglar på lerret som vi sydde på. Eg sydde ei gul ørn på ein liten pute, hugsar eg. Puten fylte vi med ull som vi samla på piggtrådgjerde sauene hadde krope under. Vi sydde oss klubbmerke også, ein slik firkløver som på biletet, grøn med raude H-ar hugsar eg.Trur kanskje vi hadde lodd, hugsar ikkje heilt men eg meiner vi hadde ein kasse. Vi hadde også eit hemmeleg kodeord. Det skulle brukast dersom vi hadde bruk for å nemna noko om klubben når vi var saman med andre born. Koden var "max". Det er mulig vi var lite inkluderande, men klubben var for oss fem.
Kanskje var ikkje alt nett slik eg hugsa det. Eg veit det er ei referatbok hjå ein av klubbmedlemane. Den gler eg meg til å sjå ein gong.
Klubben var prega av fellesskap og kreativitet. Vi ville oppleva, læra og skapa noko saman. Vi hadde orden, rang og oppgåver, og ho Gunhild var klok og let oss vera i fred på lemmen hennar.
Artig å tenkja på dette i dag, og les nokon av de andre klubbmedlemar dette så må de gjerne leggja inn utfyllande opplysningar og kommentarar.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Sol 29.10.59
Fyrst song me klubbsangen. Så bet me. Etterpå greidde medlemmane i kva me skulle gjera, og dommaren samtykte i det. Så las Oddm. referat. Så las Kari og Hjørdis eit stykke. Etterpå hadde me handarbeid. Kari lerde Oddm. og spela litt på blokkfløyta. Oddm, Hjørdis og Gerd måtte ned og eta. Nett før las Oddmund lova. Så las Hjørdis avisa for Sigbjørn. Så delte Oddm. ut eikenet som me skal dyrka.
Dommar S.M.F

Kari Skår Sørheim sa...

Fantastisk! Har du funne boka? Hugsa ikkje at vi hadde dommar... Hadde gløymt at Sigbjørn var med også. Skal tru kvar eikenøttene har slått rot? Kva betyr S..M.
F skal tru?

Anonym sa...

Sigbjørn Monstad Fiskeseth, sikkert. Margunn T. var også med.