mandag 26. mars 2012

Paradis

Paradis er staden der det gode er. Paradis er staden der det er harmoni og der det er framtid. I det første paradiset var alt "såre godt"  heilt til kunnskapen om godt og vondt vart utfordra av mennesket. Verda har seinare kjempa med konsekvensane som fylgde med å ha smaka av frukta på kunnskapens tre.
Eg har oppdaga eit anna Paradis! I naboutmarka fekk eg nyss om eit Paradis, og etter det kjentsfolk seier, var det Syslak`'en sitt Paradis. Om det stemmer veit eg ikkje, eg har aldri høyrt om dette paradiset før, og Syslak'en har eg berre eit svakt minne om. Så er det Seimsfolk som les dette og veit noko om Paradiset i Sprøklandsmarkjæ, så må de sei i frå. Mellom Husfjellet og Blåfjellet fann vi eit lite område som skal ha fått namnet Paradis.
Kva fann vi der? Vi fann ein mosegrodd steinmur vakta av eit stort mosegrodd tre. Neppe kunnskapens tre, men eit tre for fuglar og innsekt, og for livd for dyra. Nedanfor treet var det ei lita oppdyrka mark. Ingen stor åker eller slåttemark, men kanskje gav den mat til to/tre sauemunnar eller ei kyr. Paradiset låg i ei hole med lier på alle sider. Eg tenkte, her kunne paradismannen lagt eit lokk over om regnet vart for uthaldande. Litt nede mot nord rann ein bekk med klårt vatn, og vatn må eit paradis ha! Hjorten var nok her, fugl og småvilt også, vi såg spora. Vatn, jord, luft og eld, grunnlag for alle elementa, grunnlag for å dyrka og leva. Slik må det vera i eit Paradis.
Eg undrar meg på kva tankar mannen som sette opp muren og som dyrka marka, hadde om denne vesle plassen. Eg trur vel helst han ville ha det som ein plass for litt ekstra fòr til dyra sine nede på garden sin. Han hadde ikkje den største garden i bygda. Eller kanskje synes han at han hadde funne ei lita perle der oppe i marka der han fekk vera åleine, skapa noko og få utvida bruket sitt litt?
Eg veit ikkje, men eg blir i fylt av respekt når eg ser korleis forfedrane våre kjempa på for å få utkome til seg og sine. Dei brukte naturen, det var den dei hadde, men naturen hadde ikkje nok til alle på desse små gardane i vestlandsbygdene. Men draumen om Paradiset, og ønskje om å skapa og byggja hadde dei. Det ligg i mennesket si skapargåve frå det første Paradiset.
I dag manglar vi respekte for det jorda kan gje oss på desse små bruka våre. Vi byggjer oss Paradis med pengar, olje og teknikk. Vern av matjord er "gamalmannstankar" og vestlandslandbruk er som ein dråpe i havet, tenkjer mange. Eg er glad partiet mitt ser verdien av landbruk også i 2012, og at det den siste veka har kome med tydelege signal som støttar opp om dei som tar vare på markens grøde, i Paradiset Norge.eit

Ingen kommentarer: