fredag 9. mars 2012

Berre vinden brusar...

Vi knappar jakken godt om oss
Set kursen rett mot vinden
Regnet piskar i andletet og vindkasta er kraftige
Men vi går
Paraplyane vrengjer seg, og vi gjev fort opp den livda
Smiler forsiktig der vi kikkar inni hettene til kvarandre
Smiler litt sjølv om hjarta gret

Så stoppar vi og samlast
Tett saman står vi
Som om vi vil gje kvarandre livd

"Fager kveldsol smiler over heimen ned", syng vi
"Jord og himmel kviler, stilt i heilag fred"

Nei, inga kveldsol denne føremiddagen på Landro kyrkjegard.

"Berre vinden brusar frå det opne hav
Vi står her og sørgjer ved den mørke grav!" høver kanskje betre

"Lova være Gud han som i si rike miskunn har atterfødd oss til eit levande håp
ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde"
Vi veit at presten seier det, men vinden tar orda!

Så står vi der i regnet og vinden, kjenner på sorg og på medkjensle med henne spesielt.
Ho som har mista mest!

Men vindkasta  hindrar ikkje den stille, heilage freden!
Den let seg heller ikkje stoppa av sorg og motvind.

Den er som ei kveldsol som smiler
Den er ein stad der vi kviler!

2 kommentarer:

Jorunn sa...

Så fint du skriver, Kari! Følte nesten at jeg var med i følget - og kjente på den stille freden midt i uværet

Anonym sa...

Dette var vakkert Kari!! I dag har vi vore på Sellereite og Fiuna og Natan har fiska makrell! Skal innover dit oftare no!!dei skal overta eigedommen og vedlikehaldet !!eg blir stadig bedre, men eg må passe meg for å bli kald! Sit eg slik at det blir trekk så varskuar musklene med smerte! Det er den kroniske muskelsmerten,sommer fekk diagnostisert 3. Gongen eg var på Skogli! Ha fortsatt god ferie! Helsing frå Ellen