fredag 29. juni 2012

Annleis dagar

Herleg å kjenna at ferien kom i dagtidleg. Lang frukost med god tid til avisene mine. Eg spanderte nesten to timar på aviser, på ei skive med plommesyltetøy og ei med blåost, pluss kaffi, vatn og to Omega 3. Det kjentes som ei luksusoppleving! Det var heilt greit at denne dagen starta med regn, for morgondufta som møtte meg av nydusja natur, gav meg ein "smak av sommer".
Ferie er eit rart ord. I min oppvekst var ferie noko berre byfolka hadde. Dei kom på bussen i Isdalstø, og fylte den opp med koffertar, sekkar, ungar, materialar til hytta, og ikkje minst med bymål. Vi strilane vart litt tause på bussen slike dagar. Bussen fekk ofte nye stopp "flytte på landet- dagar", det synes vi var rart. Byfruene (ikkje alle rett nok, for nokre var utflytta bygdefolk), forventa faktisk at Sverr'n stoppa bussen ved deira hytteveg. Slikt vågde ikkje vi!
på nabotrappa på 50 talet saman med byfolket
Det var spennande med byfolk, og kjekt når "våre" byfolk kom. Dei fleste rundt på gardane hadde "sine byfolk". Nokre fekk seg hyttetomt og bygde seg eit lite paradis, andre inntok "søra støvo" eller lemmen.  Slik var det på mange tun.  Det var spennande å vera jente utan ferie, når feriefolka kom. Dei kom med nye impulsar, med bymål og nye slagarar, med nye motar og endå til med sminke og ukeblad! Verda vart større, men vi syntes det var utrulig rart når dei kom i fjøset og skulle henta "muamelk", eller at dei ikkje kunne handtra ei rive. Av og til kunne vi kjenna oss litt framande i eige nærmiljø dei første dagane etter at feriefolket kom, men det gjekk fort over. Det vart folksamt og spennande sommardagar på landet både for oss som budde der, og for dei som kom. Eg tenkjer med glede på barndomens sommarveker, sjølv om vi aldri reiste på anna ferie enn eit par dagars tur til bestemor på Frekhaug! 
Då vi vart eldre fekk vi reisa på leir. Bestemor i Vågen spanderte. Det vart dei første "reisebortopplevingane" eg fekk, men dei var til gjengjeld svært så gode! Misjonsleir på Kvamshaug vart avgjerdande viktig for meg! Dei sommaropplevingane gav meg også spenning og utvikling, og har prega heile livet! Eg møtte heile verda på leir, framande land og kulturar kom nær gjennom misjonæren si store forteljarglede. Vi møtte kulturar der ikkje eingong skuleferie var ein del av tilværet - fordi det ikkje var nokon skule å gå på.
Det kristne fellesskapet vart også utvida, og barnetrua fekk næring og vaks! Kallet til misjon modnast på leir, og ein vakker leirdag kom ein flott ung teologistudent i min veg. Det er faktisk i år 40 år sidan den sommaren vi ikkje hadde tid til å ha bryllup før langt uti august, fordi leirsesongen måtte vera avslutta før bryllupet!
Gjev at mange gutar og jenter og vaksne med, får gode annleis dagar denne sommaren. Gjev at gode relasjonar kan byggjast, og at tru og kall får gro også denne sommaren!

Vi treng annleis dagar, og vi kan gjerne kalla det ferie! God sommar!

Ingen kommentarer: