lørdag 8. august 2009

Lotteriproblem

Loddsal har alltid fylgd misjonsarbeidet i Norge, kanskje var det endåtil misjonsforeiningane som var dei første som var ute med loddboka her i landet. Foreiningar og kyrkjer har seld lodd for å få pengar til misjonsarbeidet i alle år. Det er med stor undring vi ser at Lotteritilsynet vurderer å avslå søknaden frå Kristiansand frikyrkje om løyve til loddsal. Grunngjevinga er at det etter lova berre kan seljast lodd til humanitært arbeid, ikkje evangeliserande. Dette vitnar om at misjonskunnskapen er sterkt svekka der lover blir laga og forvalta. - Historielaust, seier Dagrun Eriksen, og det har ho heilt rett i.
I misjonsarbeidet går evangelisering, humanitært- og utviklingsarbeid hand i hand. Det er greit og rett at vi i høve til offentlege midlar, har klare avgrensingar og tydelege prosjekt, slik dette fungerar i misjonsorganisasjonane. Når det gjeld kva vi som foreiningar eller kyrkjelydar samlar inn gjennom f eks loddsal, er det ganske urovekkjande dersom Lotteritilsynet skal setja grenser for kva dei innsamla midlane skal nyttast til. Det er bra med eit tilsyn som ser til at lotteri går rett for seg, men det det må ikkje gløymast at det er frivilleg å kjøpa lodd, og alle som sel lodd for misjonen skal ha respekt for dei som seier nei takk fordi dei er imot evangelieformidling.
Å driva misjon er faktisk eit heilt legetimt arbeid. Det har sitt oppdrag frå Jesus og det er drivkrafta vår, men det er også nedfelt i Menneskerettane! Vi må ikkje gløyma det, det er slett ikkje ulovleg verksemd!
Vi må bli spart for "misjonsfobi" i landet vårt. Vi som driv aktivt misjonsarbeid utfører arbeidet med stor respekt for andre menneske si tru og overtyding, men vi har eit oppdrag og vi må sleppa bli sett på som "tvilsame" når vi gjer noko vi trur er rett, og som vi har full rett til.
Mitt tips er at Lotteritilsynet ser dette raskt, og at Kristiansand frikyrkje kan starta eit godkjent lotteri! Noko anna vil gjera Norge til eit trang samfunn.

fredag 31. juli 2009

Veldig klar !

Eg er veldig klar for valkamp! Det var strålande å koma på jobb att i dag. Saman med ein flott gjeng i Hordaland KrF skal vi gjera vårt beste for å få fram KrF sin gode politikk.

Kanskje vil somme synast eg er litt naiv, at eg ikkje heilt har vurderingsevne når eg gler meg til å ta fatt - eg som tilhøyrer eit 6-7%-parti! Går det an å gle seg når meiningsmålingane ikkje gjev oss større oppsluttnad?
Yes, det gjer det!
Eg gler meg fordi eg har tru på KrF sitt verdigrunnlag og KrF sine svar på dei mange utfordringane som vi har i lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eg let meg inspirera av ein politik som har menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik som hovedpilarar, dette gjev meg retning for mitt engasjement.

KrF er ikkje eit stort parti, vi veit det, men vi veit også at vi har eit stort potensiale, vi merkar det så å seie kvar dag.

Laila Dåvøy og Filip Rygg er kandidatane vi i Hordaland KrF skal kjempa for, du kan gle deg til å møta dei i og alle oss andre frå Hordaland KrF i valkampen!

På biletet ser du i tillegg tilLaila og Filip 3.kandidat Aslaug Hellesøy frå Kvinnherad og 4. kandidat Arne Opsahl-Engen frå Kvam.

tirsdag 23. juni 2009

Jonsok

Eg set her og filisoferar og nyt kvelden- strålande sol skin inn på verandaen. Hagen er nyfrisert av ein flittig, men bortreist mann, og det er nydeleg jonsokstemning mellom dei høge bøketrea. De skulle sett det - de skulle vore her! Men det er merkeleg stille her - ingen ungar som vil grilla og tenna bål - ingen som vil til sjøen og bada og ingen som vil vera lenge oppe og ute. Det er berre eg, humlene og svalene som er her.
Har eg det trist og einsamt? Nei, ikkje trist og heller ikkje så veldig einsam. Eg har det faktisk godt her eg set og filisoferar.
Den lengste dagen i året - det går mot mørkare tider kan vi tenkja, viss vi vil. Eg vil ikkje det, det skulle berre mangla på slik ein lys og fin kveld, eg vil leva i sola i kveld og i heile sommar - då vert det berre kjekt å tenna lysa til hausten.
Så kom eg litt i tankar om han som dagen er oppkalla etter - Johannes døyparen - han som sa: "Sjå der!!" Han peika på det store og sanne Lyset. Det vil eg filosofera litt på på denne flotte jonsokkvelden! Det kan bli ein aldri så liten brann, endåtil i meg av slike tankar.
PS! og så må eg pakka - i morgon skal eg til Oslo til Thorbjørn og Trude! Gler meg.

søndag 21. juni 2009

Sommarscene

Eg skulle på opning av sommarscena på Sandnes i dag - eg var der forresten litt, eller var eg det? Jau, eg var der litt men berre litt, og så var eg der ikkje lenger...... Men det er ikkje hovedbodskapen i dette vesle blogginnlegget - hovedpoenget er at det skjer mykje på Sandnes i sommar, eldsjeler og kommune får det til også i år. Sjå sjølv

lørdag 20. juni 2009

Frå grått til grønt

Aksjon "Grøn næringspark" på Matre er i full gang. På vel ei veke har Sandgropa blitt forvandla frå eit trist grått "hol" til ein velstelt og innbydande port inn til Stordalen. Næringsområdet har blitt pussa opp med jord og plantar, med buldrestein og Norges nest største sykkelbane, og pileskogen til Lise rammar området inn på ein stilig måte. Dette er verkeleg ei ansiktsløfting for Matre som både dugnadsfolk, næringsliv og kommune kan vera stolte over. På torsdag var kommunestyret på synfaring der og eg vart imponert. Det gledde meg spesielt å sjå kor flott ungdomsskuleelevane vart inkluder i arbeidet. Slikt skaper eigarskap og slikt knytter ungdomen til heimbygda. Frode Langhelle er leiar for prosjektarbeidet og dette er strålande Frode!
Gå inn på Arne Berg sine foto og sjå kva som skjer!

fredag 19. juni 2009

Kyrkjedemokrati

Kyrkjedemokratiet er lite verd. I dag igjen utnemner Giske ein annan biskop enn den kyrkjedemokratiet har bedt om å få. Det opplevest frustrerande. Det store engasjementet og grundige arbeidet som har blitt nedlagt av sokneråd, bispedømeråd, biskopar og kyrkjeråd vert sett til side av statsråden. Det er vanskeleg å akseptera, men slett ikkje overraskande. Nok ein gong overstyrer Giske og homofilisaka er grunnen, noko anna svar er ikkje forståeleg.
Både Aano og Pettersen har solid leiarerfaring, god teologisk kompetanse og internasjonal erfaring frå misjonsteneste. Begge er dyktige forkynnarar og gode leiarar. Skilnaden er at kyrkja ønskte Kjetil Aano som biskop i Stavanger, og då burde det blitt slik. Eg vil tru at dei mange i kyrkja som har vore med i prosessen er folk med både dømmekraft og innsikt i kva som tener kyrkja i Stavanger best. Eg seier ikkje at Erling Pettersen ikkje har fått eit kyrkjeleg votum, men det var ikkje han kyrkja peika ut denne gongen. Det er det som er saka og det er uforståeleg at ikkje Giske skjønar det.
Personleg er eg slett ikkje lei for at NMS framleis får ha Kjetil Aano som generalsekretær, han gjer ein svært god jobb og det er ei glede å samarbeida med han. Slik sett kunne eg la vera å engasjera meg fordi eg får ei utfordring mindre når vi slepp å finna ny generalsekretær. Likevel, han skulle blitt biskop!
Men makta har tala og eg ønskjer Erling lukke til som biskop, og eg ser fram til vidare godt samarbeid med deg Kjetil i NMS!

onsdag 17. juni 2009

Folkehøgskulen treng ny regjering

For oss som har jobba for å få folkehøgsskule til Sandnes er det nedslåande å registrera at regjeringa så til dei grader nedprioritera dette skuleslaget. I år etter år har det blitt søkt utan at det har gitt resultat.
Lisbeth Rugtvedt, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, grunngjev avslaga med at andre tiltak er viktigare å støtte enn folkehøgskuleutbygging, ho nemner m.a. barnehageutbygging.
Dette er korttenkt tale. Folkehøgsskulen er eit viktig tilbod for utvikling av unge menneske, og det er ille at regjeringa nedprioriterar dette skuleslaget.
For oss i Masfjorden betyr dette at vi må leggja bort draumen om folkehøgskule på Sandnes så lenge vi har ei raudgrøn regjering. Vi har eit godkjent prosjekt på bordet, vi har folk som vil satsa og vi har lokalitetar som skrik etter aktivitet.
Vi treng ei ny regjering, ei regjering som ikkje berre tenkjer at det er det offentlege som skal ha kontroll over både barndom og ungdom, men som ser at alternativ til det offentlege tilbodet også har ein verdi.