Det var enkelt å leggja ut eit lite bilete på facebook av ein vellukka fjelltur i dag - rett nok den mest krevjande etter lårhalsbrotet for nokre månader sidan.
"Alle" venene mine likar sjølvsagt ei slik melding. Ei kjekk, positiv gladsak, og mine vener skjønar det! Eg gler meg!
Men dette er jo ei lita, og på mange måtar ei "ikkjesak" på ein dag som denne.
Kanskje det er difor vi likar det.
Terror i Stockholm, fleire drepne - vi blir rysta .
Eksplosiv gjenstad funne i Oslo, ingen skada men vi kjenner noko kjem nært.
Terror i to kyrkjer fulle av folk i Kairo - mange drepne - vi gret med våre kristne søskjen i Egypt.
Vi skal ikkje la vondskapen lamma oss, seier leiarane våre, og vi samlast i store flokkar.
Vi skal søkja saman og vera sterke saman.
Vi skal ikkje døma alle som er annleis enn oss, som terroristar.
Vi skal ikkje tru det er enkle løysingar, og snakka "ned" dei som sit med det store ansvaret!
Spar oss for lettvindte løysingar!
Så skal vi skal stå opp for:
- fridom og demokrati
- menneskeverd og solidaritet
- retten til å tru og tilbe.
Som kristne skal vi be! Be til vår Himmelske Far om styrke, nåde og miskunn!
Så kjem påska med sin dramatiske og gode bodskap!
Det blir godt - det gjer meg trygg!
God Påske!
søndag 9. april 2017
torsdag 30. mars 2017
Om å dela trua på Jesus
MT (Misjonstidende) har utfordra meg til å skriva nokre ord om korleis eg deler trua på Jesus! Eg legg det ut her på bloggen fordi eg har mange spennande lesarar her!
Mange har sine tankar om dette - eg lyttar gjerne til dei!
Mange har sine tankar om dette - eg lyttar gjerne til dei!
"Dela trua på Jesus"
"I min ungdom vart vi
sterkt oppmoda til å «vitna om Jesus». Personleg fekk eg aldri tak på dette!
Vitneforma slik den framsto vart ikkje naturleg for meg, og eg såg på meg sjølv
som eit dårleg Jesusvitne. Det var inga god kjensle, for ønskje om å dela trua hadde
eg så avgjort.
Gjennom åra har eg blitt
litt meire frimodig. Eg kjenner det som ei stor glede å få formidla trua på
Jesus anten det er frå talarstol, over ein kaffikopp, ved barnesenga, eller via
blogg og facebook.
Jesustrua har vorte
tryggare, og endå meir viktig for meg med åra. Det er eit privilegium å få leva
under Guds store nåde. Trua og fylgjene av den, er ei gåve eg får. Ei tru som
frelser og frigjer! Ein strålande bodskap som eg verkeleg ønskjer å dela nært
og fjernt!
Slik eg erfarer det har
det blitt lettare å snakka med andre om tru i dag enn kva eg opplevde for nokre
tiår sidan. Vårt fleir-religiøse samfunn fører til at samtalar lettare kjem inn
på tru, og skilnader på tru. Angrep på kristen tru og kultur, og ulike syn på
den kristne læra, skapar også samtalar om tru med folk flest. I slike samtalar deler
eg gjerne trua på Jesus. Min nokså aktive bruk av sosiale media opnar også
dører for dialog om Jesustru.
Mellom min generasjon møter
eg ein del «uforløyst» tru. Ein del kjenner seg ikkje verdig, ikkje god nok.
Når slike samtalar fører til auka trusfrimod, då kjenner eg glede. Eg trives
ekstra i slike samanhengar. Fint å vera pensjonist og ha tid til
kaffikoppsamtalar.
Så tenkjer eg at eg deler
trua mi ved å delta i det kristne fellesskapet gjennom gudstenester,
misjonsarbeid og kristne fellesskap her eg bur. Plassen min skal ikkje vera tom
utan svært god grunn. At mange søkjer saman er eit vitnemål i seg sjølv.
Dei siste åra har eg henta
inspirasjon frå unge kristne venner og frå kristne frå andre delar av verda.
Dei unge har eit enkelt og naturleg språk for trua som eg likar, og somme kristne
frå andre kulturar snakkar meire naturleg om Jesus enn det vi i vår kultur har gjort. Ein kristen
innvandrar kom inn på gjenbruksbutikken «min» ein dag, såg frimodig på meg og
spurde: «trur du på Jesus?»
Det er ikkje det første eg
spør mine medmenneske om, men frimodet og fokuset utfordra meg.
Skal eg bli inspirert til å
dela trua på Jesus, som NMS så bra
formulerer det, er det viktig å henta inspirasjon og næring til trua. Det får
eg gjennom Bibel og det kristne fellesskapet!"
onsdag 22. mars 2017
Fargerike sokkar
I går gjekk mange av oss med ulike sokkar,
i alle høve medan vi tok bilete av det og la det ut på sosiale medier.
I dag er dei fleste sokkane like vil eg tru.
Sokkemarkeringa var god! Svært god!
Ser dei kranglar om eigarskap til ideen i etterkant. Det må ikkje øydeleggja markeringa,
for idèen er god!
Så flott at så mange står opp for dei som er annleis, seier eg!
Det er lett å ta på seg to ulike sokkepar!
Artig kan det også vera om ein gjer det saman med andre.
Eg kunne også ha gjort det -
eg likar slike gode og billege verkemiddel, og eg synes det er flott at
mange fargerike menneske vart synlege i går!
Så kunne eg gjort dette innlegget mitt om til politikk.
Eller etikk!
Eller menneskeverd!
Eller til rettferd!
Eller til teologi!
Eg gjer ikkje det i dag!
Den som har "sokken" på veit kvar den strammar,
same kor fargerik, festleg, utslitt eller holete den kan vera.
Dette veit eg litt om!
Bodskapen min i dag er denne:
Lat ingen få høyra
- Kvifor skaffa du deg slike "sokkar" - var det nødvendig i 2017?

mandag 13. mars 2017
Det er natt for Levi
Søvnen
tek tak om to kvikke augo.
Den pratande munnen
blir stille.
Medvitet seglar
inn i si eiga underlege verd,
og let ein aktiv liten kropp få kvile.
Pusten finn sin jamne rytme.
Den varme handa,
som har halde fast i mi,
slepper taket.
Det er natt for Levi!
"Den grøne votten" heng på ein gran i skogen i kveld.
Den reiser si eiga reis i draumelandet.
"Eg er trygg hjå deg"
lagrar seg tillitsfult i barnehjarta.
Bestemor
kunne gått i stova no
men ho set og ser og ser.
Det er fred over eit nysovna barn.
Ein fred som skal fylla opp bestemorshjarta
til neste gong.
Gud signe desse skattane mine!

tirsdag 28. februar 2017
Skidraumen
Det vart ikkje skikjendis av meg!
Ein liten draum hadde eg kanskje som jente, eg klipte i alle høve ut ski- og skøytekjendisar frå dei sparsome bileta som kom i avisene vi hadde heime. Dei limte eg inn i ei gamal kladdebok, med heimelaga kveitemjøls-lim.
Det låg nok kanskje ein draum der på lur!
No har eg nett sett på dei dyktige skidamene, med Marit Bjørgen som hovedperson. Og brått var tankane ca 60 år tilbake.
Dei første skia mine fann far på loftet i bestemor sitt hus - dei var spikra fast som golvbord der oppe.
Då vi kom heim fann han nokre lærreimar av ein gamal hestesele og festa dei som bindingar på skia.
Vi fann ein stav, og den andre fekk eg låna hjå Ottar på nabogarden.
Slik debuterte eg på ski på bøane på Skår - og tru meg; det var ikkje enkelt å bli best med slikt utstyr, men eg hadde ski!
Neste trinn i skieventyret mitt kom ein vinterkveld eit par vintrar etter dei første skia.
Vi hadde vore på julefest på skulen, var på heimveg og det snøa tett.
Då vi kom til mjølkerampen vår oppe ved hovedvegen sto det, til mi store overrasking, eit par Åsnes- ski der i snøkaven, og på lappen sto det Åsmund Skår! Varebilen hadde sett dei der.
Eg kjenner berre ved å skriva om dette, kor hjarta mitt bankar - nett som då!
Kven sine ski var dette?
Dei var for små til far - det skjøna eg fort - kunne dei vera mine?
Dei var mine! Åsnes-ski med Å på framme på tuppen- dei var mine!
Onkel Martinus i Bergen hadde sendt eit par ski som søskenbarna mine ikkje brukte lenger!
Dei kom heilt frå byen til Skår - til meg - med varebilen!
Det var stort!
Skia var utan bindingar, men denne gongen gjekk far på Nese og kjøpte bindingar til meg, Du verden for framsteg!
Eg smurde dei med raude stearinlys. Eg pussa og stelte med dei.
Ja, så glad var eg for desse skia at eg ikkje våga meg utfor dei brattaste bakkane eller hoppkanten fordi eg var så redd for å knekka desse vidunderskia mine.
Så der enda skikarrièren min! Skia var så dyrebare!
By-skia er borte, men dei eg debuterte på har eg i hytta mi! Der skal dei vera så lenge eg har klårt hovud, og dei skal minna meg på at det var ikkje luksus på bakkane på Skår. Ikkje på vårt tun, og ikkje hjå dei andre heller. Vi var nokså like!
Men iver, glede, snø og draumar - det hadde vi!

torsdag 16. februar 2017
Selfie
Eg drøymer - oftare enn før.
I natt var det selfie med statsminister Erna som var prosjektet.
Usikker på kvar vi var då vi møttes,
kanskje på ein tribune ein stad.
Men ho var ikkje gira på selfie med meg.
Ho var trøytt skjøna eg - og ja, eg skjøna det!
- Ja, vel da, sa ho til slutt, litt mutt. Strauk handa gjennom håret
og spanderte eit smil - saman med meg!
Eg takka - Og vakna.
Men biletet har ingen sett.
Skjønar godt ho vert trøytt.
Ikkje minst av alle desse mediene som skal ha sitt.
Aldri fred!
Ikkje berre journalistar og proffe kamerafolk.
Vi er jo mediefolk alle no.
Til og med statsministeren
står der med mobilen og knipsar.
Erna og Kari - stor og liten!
Førstemann på Facebook, Instagram og Twitter!!
Det er det som er tingen!
Å gøyma augneblikka bak netthinna er kanskje avleggs!
Vi er då moderne!
Knips det!
Del det!
Send det!
Alltid på vakt!
Berre stress og kamp med mobil?
Nei, på ingen måte!
Vi kosar oss med den
og har glede og nytte av den,
sjølv om minnekortet fort blir fullt
og det meste er mislukka knipsing.
Stundom er det godt,
og ofte er det sunt
å lukka augene.
Sjå det du såg og opplevde - der inne - åleine.
Tenkja på det, smila eller gråta av det - der inne -åleine.
Eg har ikkje selfie av statsministeren og meg
på mobilen.
Men eg ser den når eg let at augene.
Då ser eg den litt slitne Erna som sa "Ja vel da."
Og difor tenkjer eg mykje på henne i dag. På denne, på mange måtar
flotte Erna, som har fått så stor ei oppgåve mellom oss.
Og eg tenkjer på henne med respekt!
torsdag 2. februar 2017
At han kunne!
Jesus var modig som gav ansvar til Peter for si kyrkje på jorda. (Matteus 16.18)
Det måtte vel bli problem av det?
Alltid bli ufullkome?
Kanskje litt respektlaus å sei det slik,
men eg tenkjer likevel; At han kunne!
Gjennom kamp og arbeid, gjennom bøn og debatt,
og gjennom studier av Skrifta
har menneske prøvd å finna, og å kjenna Guds tanke og vilje
og vist vilje til å fylgja den.
Ofte har kyrkja feila, og ettertida kan kritisera og sjå ting annleis.
Eg les for tida om Martin Luther!
Det har vore ymse!
Gjennom tiår har kyrkja mi hatt ein kamp som har vore ført i smerte.
Mykje smerte.
Eg har vore nær den kampen,
har møtt tårene og kjent smerta.
Saka vart ført til endes i januar 2017.
Mange gler seg og feirar.
Andre sørgjer og blir rådville.
Dei som bar smerta, har blitt glade,
og smerta har flytta over til oss som hadde eit anna syn.
Vi kan ikkje sidestilla smerte i denne saka.
Å vega smerte er ikkje mogeleg.
Men at mange av oss frå den delen av kyrkja som forstår Bibelen annleis enn
fleirtalet kjenner ei djup smerte, det veit eg og det kjenner eg.
Vår smerte er ikkje at nokon har blitt glade.
Vår smerte er at fleirtalet definerer ekteskapet på ein måte vi ikkje finn grunnlag for i Bibelen.
Det er det som er smerta mi, og mange med meg.
Eg skulle på mange måtar ønskja eg kunne sjå det annleis. Eg kan ikkje det!
Kva gjer eg så? Melder eg meg ut av kyrkja? Svaret er for meg er eit NEI!
Denne kyrkja er mi kyrkje. Her vart eg boren inn i Guds rike, og her i frå skal eg berast ut til noko som blir betre.
Eg er endå til så frimodig at eg tenkjer at kyrkja mi treng slike som meg!
Difor kjenner eg også på smerte ved at meiningsfeller melder seg ut.
Vi hadde hatt bruk for kvarandre.
Eg vil leva vidare med kyrkja mi "selv om hun her må bære forakt for sine sår, når hun i liv og lære for verden splittet står" og eg trur og meiner framleis at "Guds kirkes grunnvoll ene er Herren Jesus Krist - ved ord og vann alene hun er hans verk for visst". ( frå Salme 532)
Jesus var modig som gav ansvar for si kyrkje til Peter, og sette ufullkomne menneske til arbeid for si kyrkje på jord - og ofte må eg takka for at til og med eg får vera med i dette arbeidet!

Abonner på:
Innlegg (Atom)