søndag 13. mai 2007

Kvifor vart det politikk for meg ?

Då eg for over 20 år sidan kom til Masfjorden kom eg her med ein overtydd tanke, eg skulle vera husmor/prestekone. Eg hadde hendene fulle med born, hus og heim og kyrkjelydsarbeid. Politikken var ikkje i mine tankar sjølv om eg, bokstavleg talt, hadde det i "blodet"med både far og bestefar som kommunepolitikarar og ordførarar. Men så vart det politikk likevel, mykje politikk, og i dag arbeider eg som fylkessekretær i Hordaland og Sogn og Fjordane KrF. Rart!
Eg tilstår, eg har vore i tvil ei tid om dette var mi oppgåve, men i dag har eg lyst å heidra og takka dei "gamle" misjonskonene mine som hjelpte meg til avklaring. Mange av desse er no borte, også Johanna....

Det var i 1995 på eit misjonsmøte på Haugsvær. Dei som har litt historisk masfjordpolitikk i minne hugsar ordførartrilleren då, og eg var ein av dei sterkt involverte. Eg var uroleg, skulle eg stå på vidare eller skulle eg gje meg?? I ein pause på møte kom Johanna til meg og sa - ikkje gje deg Kari, vi skal støtta deg! Vi er glade for at du er med i politikken! Dette var fantastisk godt for meg. Dei som vi gjerne skulle tru var mest opptatt av å ha ei tradisjonell "prestekone" skubba meg inn i politikken. Dei har gjeve meg frimod til å engasjera meg politisk, og mi politiske drivkraft er å vera med å skapa eit godt lokalsamfunn i Masfjorden der innbyggjarar i alle aldrar kjenner seg verdifulle.

Eg har takka dei gamle for støtta og for at dei trudde på meg, og eg synes dei fortener ein omtale her på bloggen min denne søndagsmorgonen.

1 kommentar:

Kari Skår Sørheim sa...

No kan det kommenterast. Det har ikkje vore mulig hittil....