lørdag 12. mai 2007

Kommuneval 2007

Masfjorden KrF gjer seg klare tilkommuneval 10. sept. Lista vår er klar, ei flott liste synes vi. Det som er spesielt denne gongen er at dei unge engasjerer seg, og det er bra. Som "gamal" politikar synes eg dette er flott, eg har stor tru på dei unge, dei er reflekterte og tek ansvar!
I desse dagar legg vi siste hand på programarbeidet og sjølv om det ikkje er vedteke endå, så overraskar det vel ingen at KrF også i neste periode vil setja born og unge sitt oppvekstmiljø i fokus.

KrF går til val på Trygg Oppvekst og BetreAlderdom, og programmet vårt vil visa at dette vil vi i Masfjorden KrF fylgja opp.

Har du synspunkt og gode idear om korleis vi skal utvikla eit endå betre oppvekstmiljø, og korleis dei eldre framleis skal få ein verdig og trygg alderdom, så er vi svært mottakelege for innspel. Du kan gjera det ved å leggja ein kommentar på bloggen eller du kan kontakta meg eller ein annan av KrFarane i kommunen.

1 kommentar:

Anonym sa...

Vi trenger et sterkt KrF i Masfjorden!