torsdag 30. august 2007

Best på service

"Masfjorden- ein kommune me er stolte av"
Dette er mottoet for Masfjorden kommune, og i dag får vi nok ein grunn til å vera stolte - resepsjonspersonellet på kommunehuset har kome på førsteplass i Hordaland når det gjeld telefonservice. I tillegg fekk kommunen delt tredjeplass i service totalt. Stilig! Vi gratulerer og vi blir stolte!
Å bli møtt på ein positiv og tenestevillig måte i telefonen gjer at vi kjenner oss verdsett og viktige. De som gjer denne jobben er døropnarar inn til kommunen. Gratulerer til Gerd Alis, Haldis, Mona og andre som også tek godt i mot oss!

2 kommentarer:

Arne Berg sa...

Hei Kari
Ordføreren har også betydning for livet på kommunehuset, og da er spørsmålet. Hvis ikke du blir ordfører, hvem eller hvilken konstellasjon støtter du da?

Kari sa...

Hei Arne!
Eg er einig med deg i at ordføraren er viktig, både på kommunehuset, i kommunen, i media og elles. Eg tilstår at det hadde vore spanande å få prøva seg i den rollen, og KrF jobbar sjølvsagt for det. Men skal det gå treng vi støtte....
Kven vi støttar dersom det ikkje vert KrF, er jo ei sak partiet må ta stilling til, ikkje eg. Vi har drøfta det, men ikkje endeleg konkludert. Eg synes også det vil vera unaturleg å gå ut med støtte til andre når vi jobbar for vår eigen kandidat.