Det er eit stort problem for borna våre at vi vaksne ikkje let dei få vera born. Det er bra at vi set ressursar inn på å verna borna for overgriparar. Men vi er så inderleg inkonsekvente.Eg undrar meg stort over at ikkje vi med all den kunnskapen vi har om born og barnesinn ikkje skjønar, evner og har vilje til å hegna om dei få åra av livet som heiter barndom.
Vi vaksne "pøsar" på dei med reklame, motar, film og lesestoff som stadig tidlegare fører borna våre inn i vaksenverda. Skrekkfilmar - sex - vald- alt skal brukast for å fanga borna si interesse, også i skulen.
Difor seier eg takk til byråd Tomas Moltu (KrF) i Bergen for at du sette foten ned i går. Du tok eit vaksent standpunkt og fortener ros for det.
Eg likar ikkje å vera negativ -men det skjer ei grunnleggjande endring i barnekulturen, til og med i Kardemommeby.
Eg likar ikkje å vera negativ -men det skjer ei grunnleggjande endring i barnekulturen, til og med i Kardemommeby.
Mitt poeng er - la born få vera barn, dei vert fort nok unge og vaksne.
filiprygg.no er ein flott blogg. Eg er så imponert over kva Bergen KrF sin unge gruppeleiar Filip Rygg får til på denne bloggen sin. I sommar har han eksprimentert med, og utvikla bloggen til ein proff, informativ og flott blogg. Gratulerer Filip!


Det flotte er at det stadig er unge menneske som ser KrF som eit godt parti for sitt politiske engasjement. På 75 årsfesten sist lørdag var det mange festkledde ungdomar. Her er partileiar Dagfinn saman med to flotte jenter, og som vakne bunadskjennarar vil registrera, er ei representert i Nordhordlandsbunad. Jenta har røter frå Masfjorden, kjem frå Austrheim og heiter Tone Marit Dyrkolbotn.