
Eg undrar meg stort over at ikkje vi med all den kunnskapen vi har om born og barnesinn ikkje skjønar, evner og har vilje til å hegna om dei få åra av livet som heiter barndom.
Vi vaksne "pøsar" på dei med reklame, motar, film og lesestoff som stadig tidlegare fører borna våre inn i vaksenverda. Skrekkfilmar - sex - vald- alt skal brukast for å fanga borna si interesse, også i skulen.
Difor seier eg takk til byråd Tomas Moltu (KrF) i Bergen for at du sette foten ned i går. Du tok eit vaksent standpunkt og fortener ros for det.
Eg likar ikkje å vera negativ -men det skjer ei grunnleggjande endring i barnekulturen, til og med i Kardemommeby.
Eg likar ikkje å vera negativ -men det skjer ei grunnleggjande endring i barnekulturen, til og med i Kardemommeby.
Mitt poeng er - la born få vera barn, dei vert fort nok unge og vaksne.
2 kommentarer:
Jeg hadde en ganske normal barndom på nittitallet. Jeg opplevde det mer som jeg ble "tvunget" til å være barn og skjermet fra voksenverdenen enn motsatt. Når jeg ble hindret i så filmer med feks. 15-årsgrense da jeg var 10 så var ikke det å la meg være barn, men å tvinge meg til det :P (Ikke missforstå meg altså, det finnes grenser for hva barn skal få se, men jeg synes ikke det er grunn til å reagere på at ungdomskoleelever ser "skrekkfilmer" på skolen.)
Hei Tor!
Du kan nok ha eit poeng i det du seier, og eg innser at born er forskjellige - Aldersgrense ikkje alltid er den beste målesnora for for kor modent eit barn er.Det eg skreiv skreiv eg med bakgrunn i ei spesiell sak i skulen, og når samfunnet skal ta ansvar for borna si opplæring og utvikling må det vera grenser.Verker ikkje so du er ueinig med meg i det.
Legg inn en kommentar