lørdag 20. september 2008

Prioritering

Det er ikkje alltid så enkelt å prioritera. Eg er ei dame som lett let meg engasjera og som ikkje alltid har "vet" til å sei nei. Nett no er eg i ein fase der nye oppgåver skal finna sin plass, og eg må prioritera på nytt. Kvar skal eg kutta? Eg veit det, og difor vart eg svært glad då eg var på formannskap og kollegane viste forståing for mi prioritering om å setja mitt nye verv i NMS først. Det kan bety at eg må melda ein del forfall, men vi er einige om å prøva dette ei tid. I tillegg fekk eg gode ord på vegen, og det gjorde godt.

Eg har tenkt å jobba for vidare for kommunen, engasjementet mitt er ikkje over, men det er greit å ha fått forståing for prioriteringa.

Det er godt å oppleva at vi i politikken har det greit saman, at vi er kollegaer sjølv om vi representerer kvar våre parti, og i somme saker er rykande ueinige.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja...... Men så var det dette med å ikke slite seg ut....

Selv om du prioriterer enkelte verv forran andre verv er det kansje en liten detalj du ikke har tenkt over....

Din egen helse, og velvære.

Jeg sier ikke at du ikke tenker på deg selv, men du er mye ute å reiser, det blir lange dager, seine kvelder....og det sliter på kroppen. Tenke litt på helsen også mamma!

Men kjempe flott at dine kollegaer innen politikken gir deg støtte og forståelse for at du vil engasjere deg i det nye vervet du har i NMS.

Stå på!

Hilsen Sandviksveien!

Anonym sa...

Takk for omsorg og gode råd frå Sandviksveien! Du har eit poeng, og eg prøver å prioritera det du er opptatt av. I formiddag er eg feks heime og har tenkt meg ein tur ut i det fine haustværet :-)