søndag 19. april 2009

Pinglete og defensivt

Avisa Strilen sin leiar i går brukar sterke ord om Masfjorden kommunestyre sitt vedtak om ikkje å gå inn for deltaking i bygging av fleirbrukshall og basseng i Sløvåg i Gulen. Pinglete og defensivt er karakteristikken vi får. Slike ord er useriøse.
Det er alltid vanskeleg å gå mot gode initiativ, slik opplevdes det denne gongen også. Næringslivet har lagt mykje pengar i dette prosjektet, og vi kan kjenna oss som utakknemelege når vi ikkje tek i mot tilbodet, men pinglete og defensive er vi ikkje, vi er realistiske!
Vi er ein liten kommune med ca 1650 innbyggjarar. Vi har eit basseng bygd med støtte frå næringsliv, kommune og ein enorm dugnadsinnsats. Dette bassenget klarar vi å halda oppe delar av året, og frivillege stiller som badevakter.
Vi har, slik vi ser det, ikkje driftsgrunnlag for for to basseng om gåva frå næringslivet er aldri så raus.
Det er ikkje lett å sei nei til planane i Sløvåg. Vi har stor respekt for næringslivet der ute og arbeidet som er lagt ned i dette prosjektet, men som kommune meiner vi i KrF at Masfjorden ikkje kan vera med å ta investerings- og driftsansvar for eit slikt prosjekt.

Ingen kommentarer: