tirsdag 23. juni 2009

Jonsok

Eg set her og filisoferar og nyt kvelden- strålande sol skin inn på verandaen. Hagen er nyfrisert av ein flittig, men bortreist mann, og det er nydeleg jonsokstemning mellom dei høge bøketrea. De skulle sett det - de skulle vore her! Men det er merkeleg stille her - ingen ungar som vil grilla og tenna bål - ingen som vil til sjøen og bada og ingen som vil vera lenge oppe og ute. Det er berre eg, humlene og svalene som er her.
Har eg det trist og einsamt? Nei, ikkje trist og heller ikkje så veldig einsam. Eg har det faktisk godt her eg set og filisoferar.
Den lengste dagen i året - det går mot mørkare tider kan vi tenkja, viss vi vil. Eg vil ikkje det, det skulle berre mangla på slik ein lys og fin kveld, eg vil leva i sola i kveld og i heile sommar - då vert det berre kjekt å tenna lysa til hausten.
Så kom eg litt i tankar om han som dagen er oppkalla etter - Johannes døyparen - han som sa: "Sjå der!!" Han peika på det store og sanne Lyset. Det vil eg filosofera litt på på denne flotte jonsokkvelden! Det kan bli ein aldri så liten brann, endåtil i meg av slike tankar.
PS! og så må eg pakka - i morgon skal eg til Oslo til Thorbjørn og Trude! Gler meg.

2 kommentarer:

Audhild sa...

Hei Kari.
Det er kjekt å titta innom bloggen din - reint oppbyggelig er det. Høyrest ut som om du hadde ein fin jonsokkveld. Det gjelt å sjå det store i det små. Ha ein fin sommar.

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for det Audhild - og takk for sist,kjekt å stikka innom kontoret etter gamalt. God somar!