søndag 6. mars 2011

Bonden i meg

Har gått tur i dag- langs ein smal bygdeveg og over halvfrosne bøar. Har observert kva naboane driv med, og kjenner at eg står i ein gamal tradisjon då. Tenkjer på barndomen då alle mannfolk var ute om søndagsformiddagen, røykte pipe og brukte søndagsstilla til å observera kva dei sør om garden og dei nord om garden dreiv med. Studerte kyr og jur, hestar og reiskap sommarsdagen, og såg på "veala" og skogsdrift om vinteren.
Slikt har eg gjort i dag - rett nok er eg ikkje mann, og ikkje røykjer eg pipe, men eg registrerar at eg har noko av det same blikket der eg tuslar med tyggegummi i munnen.
Kva har eg sett? Eg har sett hestar på lange bein og som ikkje er skapt for ein Seimsgard, og eg har sett hestar som gjerne ville hatt brukt kreftene litt meir , "kosehestar" fine å sjå på og sikkert også til å ri på i ny og ne. Dei trampa på litt frosen mark i dag. Så har eg sett eit esel i vinternorge, litt malplasset kanskje, men det er no eit artig innslag.Eg har eg sett rund- og firkanta rundballar - nokre her og nokre der. Det har minka litt på dei utover vinteren, men trur ikkje det blir noko vårknipe i år. Eg har sett store traktorar, fleire på kvart tun. Eg har sett villsauer og hundar av ulikt merke som ikkje bryr seg om bandtvang. Eg har sett ein stort nylagt tømmerhaug og ei nyfelt kjempeeik! Likar lukta av skog!
Observasjonen min konkluderte slik: stor aktivitet av unge og litt eldre bønder, dei fleste "hobbybønder". Og eg seier ære være dei som heldt gardane sine (pluss vår) vedlike, ære være dei som har dyr og let oss få lukta silofor, våt ull og hest, og ære være dei som let oss få kjenna oss som bønder innimellom.
Gamal som eg er, tenkjer eg tilbake 50 år. Då budde det mellom fem og ti personar og to til fire generasjonar på kvart bruk utover Stranda. Det imponerer meg å tenkja at dei levde av desse jordstykka, skogen og dyra sine. Det er mest ufatteleg at dei kunne det, men dei klarte seg, og folk vart det av dei(og oss) også. Og om søndagen tusla dei på tur, og lærde av kvarandre og smilte litt av kvarandre.

Det plagar meg at vi ikkje klarar å setja pris på det arbeidet som småbonden gjer i dag. Det uroar meg at vi ikkje skjønar at det er av jorda og havet vi hentar maten, og det opprører meg at dyrkbar jord og endåtil fulldyrka åkrar vert lagt under asfalt for å tena økonomisk vekst og velstand.
All ære til hobbybøndene som held jorda si i hevd og som let born veksa opp med lukt av hest og silo. Dei skulle hatt statsløn! Kven kan gjera noko med det?

4 kommentarer:

Reidar Konglevoll sa...

Hei Kari -kjekt og interessant å lesa tankane dine etter ein søndagstur på "Stranda ". Du set kosehestar og rundballar i perspektiv - og du greier det fordi du har med deg ei ballast frå ei anna tid.Sjølv er eg trygg på at bondeyrket er det mest framtidsretta yrket me har. Men fleirtalet skjønar ikkje dette før dei store utfordringane me ser innan klima, miljø og matforsyning kjem tettare på oss. Kvart menneske vil tenkja og handla ut frå sine eigne erfaringar. Dei fleste av dei som idag er poltikarar på høgt nivå har lite eller ingenting av den erfaringa du skriv om. Men det er dei som bestemmer. Kanskje du skulle melda deg inn som støttemedlem i bondelaget ?? Me treng alle som ser dei samanhengane du skriv om !

Audhild sa...

Så gode og kloke tankar du har Kari. Eg kom i tankar om kor det var på Kolltveit i min oppvekst. Det var mykje likt, kjekt å tenkje tilbakars til gamle dagar. Ser fram til å følgja bloggen din. Helsing Audhild

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for kommentarar. Eg er einig med deg Reidar! Det er alvorleg at vi ikkje skjønar verdien av jord og matforsyning. Velstanden kan innhenta oss og kva gjer vi då utan kunnskap og utan jord? Eg trur mange også politikarar ser det, men det krevs mot til å sei nei til kortsiktig gevinst. Om eg skal inn i bondelaget? Det var ein ny tanke som på bondevis må modnast!
Takk for gode ord Audhild!Vi tilhøyrer ein annan generasjon og Kolltveit har neppe mange sauer lenger...

Arnold Matre sa...

Du har da framleis i deg, kari, sjøl om du er vorten Seimar att. Skulle ynksja fleire lokale og sentrale politikarar hadde same perspektivet på ting. elles må eg og få helsa til Reidar som gjer ein kjempejobb med å kjempa for landbruket i Nordhordland.