tirsdag 21. februar 2012

Kvilepuls

Dette ser ut for å bli ei roleg veke. Ja nesten så roleg at eg lurar på om det er noko eg kan ha gløymt. Sist veke var travel. Førebuing og gjennomføring av fylkesårsmøte i KrF og landsstyremøte for NMS, hadde hovedfokus då. Eg har tendens til å stressa litt framfor slike oppgåver, men øver meg på å tenkja at det går nok bra, eg gjer jo ikkje jobben åleine. Og bra gjekk det, på begge møta.
Det er godt med litt kvilepuls inn i mellom. Herleg å sløva på sofaen, sjå TV, vera på facebook og leika meg litt på Wordfeud. Kanskje må eg øva meg litt meir på dette å ta det roleg! Eg tilhøyrer jo gruppa dei "eldre" etter kvart, og om ganske så få år blir også eg pensjonist.
Eg opplever stadig at folk spør - har du pensjonert deg? når skal du bli pensjonist? Skal eg vera ærleg så likar eg ikkje slike spørsmål, eg er glad og takksam for at eg har ein jobb, at eg kan få ha eit aktivt liv og vera til nytte. Likevel, eg har stor respekt for dei som etter eit langt yrkesaktivt liv har trong for å få ein annleis kvardag når livet går mot 65. At mange ønskjer å gå aktivt inn i frivillig arbeid og opplever at det gjev glede og meining, er flott. At andre som har familie rundt seg ønskjer å vera meire saman med dei og gje ei hjelpande hand, forstår eg godt.
Vi er heldige som bur i Norge. Dei fleste som har vore i jobb eit langt yrkesaktivt liv har gode pensjonsordningar og alderdommen er økonomisk sikra. Sjølv vil eg bli pensjonist etter berre ca 15 års yrkesaktivt liv. Resten av mitt vaksne liv har eg brukt slik at det ikkje gjev pensjonsfordelar. Det kan opplevast som ei underkjenning av det eg har brukt livet mitt til, og det sender eg som ei utfordring til politikarane. Eg har hatt meiningsfylte dagar saman med mine og med  engasjement mitt, og er takksam for det.
Kor lenge eg har tenkt å jobba veit eg ikkje i dag. Det kjem an på fleire ting, som f.eks helse og arbeidskraft, men også på om det finst gode nok høyreapparat :-)
Men denne veka kan bli god, og neste veke er det vinterferie!

1 kommentar:

kristi sa...

Vel unnt med ei litt rolegare veke, Kari!! Det er vel fortent.