tirsdag 19. juni 2007

Litt annleis?

Er vi, kommunestyrerepresentantane til Masfjorden KrF, litt annleis? Det føltes faktisk slik på kommunestyremøte på Matre i går…

Høyr her:
Første ”annleissak”
Utvida skjenkeløyve i Stordalen Avstemming 13 ja - 2 nei(KrF)
(V og Sp stilte berre med ein repr kvar – difor ikkje 17 stemmer)

Andre ”annleissak”
Forslag frå KrF om vidareføring av ”Stjernestunderprosjektet” innanfor pleie og omsorg.
Avstemming 2 ja (KrF) 13 nei
Tredje "annleissak"
Bruk av landbruksareal til bustader og sentrumsutvikling på Matre:
Ikkje avsteming, men KrF kjente seg nokså åleine om å vektleggja vern om dyrka mark på Store-Matre.
(Sp hadde forlete møtet)

Korleis kjennes det å vera litt motstraums?
Eigentleg ok når ein er trygg på det ein står for.
Korleis kjennes det å tapa?
Surt – når ein har tru på at det ein står for ikkje er så dumt.
Men slik er politikken, og på fotballkalenderen til fotballspelarane i heimen i ei forgangen tid, sto det ofte ”Tap og vinn med same sinn"
Ikkje så dumt, men eg innrømmer at nokre saker er surare og litt meir uventa å tapa enn andre.
Men to stemmer er jo alt for lite.......

2 kommentarer:

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Så stjernestunder prosjektet skal ikkje fortsetja?? Det er jo forferdeleg trist. Stjernestunder er jo kvalitet og omsorg på høgt nivå...Stå kari - du gjer ein kjempejobb. Forstår godt at du er frustert.

Anonym sa...

- det betyr ikkje at tanken bak prosjektet er borte, den vert vidareført, og midlane vi fekk inn som ekstra midlar til eldreomsorg i budsjettet ligg der. Vi hadde likevel ønskt at det kunne jobbast meir konsentrert med utvikling av kvalitet og innhald i eldreomsorga, og ville gjerne at prosjektet kunne blitt vidareført eit år til slik sluttrapporten for prosjektet uttrykte som eit ønskje.