søndag 10. juni 2007

Rik og fattig

Eg har nett sete og høyrt gudsteneste frå Austrheim. Seimaren Egon, som eg er oppvaksen saman med, har saman med kyrkjelyden hatt ei sterk gudsteneste der Den rike mann og Lasarus var teksten. Det er ein historie med fleire siden, men utan tvil ein sterk tekst om det å vera rik, og det å vera fattig.

Eg tilstår at eg har problem med å vera så rik som eg er. Sjølvsagt er eg glad for at eg har hus, heim, mat, klær, arbeid, pengar og alt eg treng. I går sat eg rundt eit godt middagsbord saman med vener og vi samtala om vår rikdom og vårt forhold til rikdomen. Korleis skal vi leva med rikdomen vår, kvar går grensa mellom det å dyrka rikdomen og det å vera glad for det vi har? Vi skal jo skapa verdiar, vi skal bruka det vi har, og vi skal vel ikkje gje kvarandre dårleg samvit fordi vi er rike.. Det er vanskelege spørsmål dette, og det er ingen lette svar.
Hovedoppslaget på dagsnytt etter gudstenesta var krav om nasjonale sosialhjelpsatsar i Norge. Dette fordi det blir oppfatta som negativt å behovsprøvd støtte. Den ballen tek eg ikkje i dag, men den minner meg om at slett ikkje alle i vårt land har det så romsleg som eg... Det er det viktig for politikaren Kari å vera seg medviten.

2006 gav med høve til å gå gjennom to slumområde, eit i Bangkok og eit i Nairobi. Eg kjente meg uvel, gå der for å sjå på folk sine elendige livsvilkår. Ei rik kvit dame, med solbriller, solhatt og fotokamera... Lukt, kloakk og folk som kikka fram i skuropningane - nei eg kjende meg ikkje vel.
Eg veit at vår rike forbrukskultur aukar fattigdomen i verda. Kva gjer eg? Kva gjer vi i Masfjorden kommune? Er 1 eller 5 kr pr innbyggjar til TV- aksjonen ein gong for året nok? Kva gjer vi i Norge vi som ikkje klarar å setja av 1% til dei fattige i Statsbudsjettet?

3 kommentarer:

Astrid Aarhus Byrknes sa...

har jo opplevd fattigdommen på nært hold gjennom fleire år i Peru. Er heilt samd med deg...vi må setje dette på dagsorden og bidra så det monner og vises igjen.

Rune Garmann sa...

Er vi eigentleg så rike ? I vår såg eg på TV ein reportasje om eit ungdomskor frå Sør-Afrika, som skulle på turné i Noreg. Ein av leiarane i koret vart intervjua, og han sa om lag dette : "De i det rike Noreg tener kanskje ti gongar så mykje som oss. Men vår rikdom er ein annan plass - i det mellommenneskelege, i at vi bryr oss om kvarandre og tek vare på kvarandre." Kanskje er det store materielle forbruket vårt eit utslag av kulturell fattigdom ? I så fall må vi kanskje stagge konsumet ved å bry oss meir om dei kulturelle - eller åndelege, om ein vil - sidene ved tilveret.

Kari sa...

ein viktig dimensjon du peikar på Rune, Arne Garborg sa det klokt: "Skalet av alle tng kan ein få for pengar,men ikkje kjernen: den er ikkje for pengar fal"...