Å bli foreldre er vel det største som kan skje, og eit nyfødt barn er ein fantastisk liten skapning. Eg snakka med ein ung far i dag, han hadde to små vogna, og med stolthet fortalde han at han hadde fire til! Eg vart imponert!Å bli foreldre for første gong endrar tilværet for foreldra. Eit lite "vesen" som krev all merksemd, og som ikkje spør om sin rett til å få det. Dag og natt får ein ny rytme, og familielivet skal inn i ein ny fase.
KrF i Masfjorden ønskjer at alle nybakte førstegangsforeldre i Masfjorden skal få tilbod om eit enkelt samlivskurs.
Slike kurs er for tida svært populære, og vert meir og meir vanleg i heile landet. På kursa får ein kunnskap og orientering om kva som skjer med mor, far og barn i den nye livssituasjonen. Det er på ingen måte "krisehjelp" som skal tilbys, men kunnskap og forståing om kva som er "det vanlege" og "normale" i ein slik lukkeleg situasjon. Vi trur at samlivskurs førebyggjer kriser, gjer foreldra tryggare, og vil vera med å gje ein god og trygg oppvekst for det vesle "nurket"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar