fredag 9. november 2007

Kva er vitsen?

Kva er vitsen med Masfjorden? Eit tullete spørsmål som vart stilt på folkevaldkurset for kommunestyrerepresentantar i dag. Kva er vitsen med Masfjorden? Er det nokon som kan svara på eit slikt spørsmål?
Poenget var vel å få oss til å tenkja, kva betyr Masfjorden for oss, korleis tek vi vare på kommunen og korleis utviklar vi den framover dei neste åra.

Vi opplevde i dag at vi alle har ein sterk Masfjordidentitet, også eg som innflyttar har det, eg kjem frå Masfjorden seier eg når eg er utom grensene våre. Identiteten er viktig, og det er viktig å byggja den hjå born og unge som veks opp her. Fjella, fjorden, bygdene, kulturen og ikkje minst folka som bur her - det er vårt, vi høyrer til her, vi ønskjer at alle skal ha det godt her.

Kommunestyret neste periode blir eit bra kommunestyre trur eg. Eg har skrive det før her på bloggen, men eg seier det igjen, det er flott med så mange nye og så mange av den yngre garde. Dei har ny kompetanse å tilføra kommunestyret.

Ingen eg var saman med i dag er i tvil om kva som er vitsen med Masfjorden.
Eg konkluder slik:

1. Her er det godt å bu, her er det menneske eg høyrer til saman med
2. Vi har eit rikt og mangfaldig kulturliv og gode oppvekstvilkår
3. Vi har ein fantastisk natur som gjev rekreasjon og livskvalitet
4. Vi har ein rimeleg god økonomi og dermed gode tenester
5. Vi har eit felles mål om ikkje å vera oss sjølve nok, men inkludera fleire i bygdene våre
6. Vi vil fokusera på det positive

Ingen kommentarer: