fredag 12. desember 2008

Mitt første kyss

I dag skal eg vera personleg - eg skal fortelja om mitt første kyss....
Eg var på handling på Rimi i dag og der traff eg ein kar eg ikkje har snakka med på uminnelege tider. Vi gjekk på skulen saman, men vegane våre har ikkje kryssast ofte sidan vi gjekk ut av framhaldsskulen for mange tiår sidan.
Vi prata om barndom og skulegang og med eitt kom eg på at han eg møtte hadde fødselsdag i dag, at han var 60 år i dag! - Eg har faktisk ikkje gløymt at han hadde fødselsdag 12/12! Eg likte at eg hugsa det, og han synes sjølvsagt det var kjekt. Under samtalen sa han noko artig - han sa: "eg hugsar godt andre dagen på skulen, då eg såg ei jente som såg grei og snill ut, og eg sprang bort og gav ho eit kyss på kinnet! Den jenta var ho Kari Skår!" Artig synes eg- og når han sa det, så hugsar eg det men det har nok ikkje gjort varig inntrykk.
Det vart eit spennande møte mellom handlehyllene i dag. To menneske som har delt klasserom nokre få år, som tilfeldig møtes innmellom reolane på Rimi opplevde at dei har noko viktig felles. Viktige barneår i eit klasserom og på ein skuleplass som har gjeve minner av godt og vondt, og som har sett spor som framleis lever i dei to 60- åringane. Vi fekk mykje å prata om.
På nytt vart eg minna på kva barneåra gjer med oss menneske. Kor sterkt opplevingar av aksept, respekt og av det å bli sett er. Kor lett det er for vaksne å trø feil ovanfor vare barnesinn og kor dei gode opplevingane ligg som perler i minnet og kallar fram smilet og dempar det vonde og leie.
Det første kysset kan vera spennande nok - sjølv for ein førsteklassing, det viktigaste er likevel den utstrakte handa og det aksepterande blikket som seier til den vesle førsteklassingen at du er viktig og eg bryr meg om deg. Investering i barneår kan ikkje verdsetjast nok!

1 kommentar:

Anonym sa...

Den var god!! Tenk at du skulle treffa han på 60 årsdagen hans ! Som storesyster hugsar eg og dette. Det vart nok lagt merke til av andre på skuleplassen og. Du var jo ei nydeleg, lyshåra jente. Ikkje rart han såg deg!!!
Storesyster Ingvild