torsdag 9. april 2009

Pasjon

Påskesamlar er viktig for meg - dei fører meg sterkt inn i påskebodskapen gjennom ord og musikk. Inn i denne bodskapen ønskjer eg meg også denne påska. Eg er takksam til salmediktarar som hjelper meg inn i liding, soning og siger.

Jakop Sande, min folkelege favoritt, hjelper meg også denne påska inn i det dramatiske - les eller syng:

Du som låg i natti seine, sorgtyngd,
vanvyrd og åleine
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og nagla,
kront med klungerkrans om panna,
medan augo brann i sorg,
du som sto i namnlaus pine
skild frå dei di kalla dine
einsam i Pilati borg!

Du som hekk til krossen nagla,
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!
Å, lat nådens blodstraum nå meg
offerlam frå Golgata!

Lær mi sjel kva du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du.
(Norsk salmebok 130)