lørdag 22. desember 2007

God Jul

I kveld seier eg God Jul til blogglesarane mine. Jula snart på plass, og eg tenkjer at bloggengasjementet mitt tek seg ein pause.
Det kom eit vakker og rørande bilete til meg gjennom nettet i dag, frå andre sida av jorda kom det. Det gjorde med glad. Ei lita jente som er mi, langt der borte i "Østen" er Maria, er det ikkje flott? Ei stolt lita "mor". Eg gler meg over at stadig nye jenter og gutar får leva seg inn i det store underet som skjedde då Gud kom til jorda som eit lite barn. Dette vart flott for meg, og eg deler det med deg samstundes som eg ønskjer deg ei God Jul!

1 kommentar:

Anonym sa...

God jul til deg og dine og Kari!
Og takk for ein særs god blogg. Du har ein fin blanding mellom aktuelle politiske tema og kvardagslege ting som opptek oss alle.
Fleire lokalpolitikarar skulle vore like modige (og flinke) som deg til å blottleggja kva dei tenkjer om ting som er aktuelle for oss Masfjordingar!!!