I dag held biskop Ole D Hagesæter avskildsgudsteneste i Bergen domkyrkje. Det er med stor respekt og takk at kyrkjefolket i Bjørgvin tek avskild med ein trygg og varm kyrkjehyrde.I åtte år av hans bispetid fekk eg vera leiar av Bjørgvin bispedømeråd. For meg var dette eit heilt spesielt samarbeid som har hatt stor betydning for meg personleg.
Få kan inspirera som biskop Ole, få kan forløysa tru som han, få kan lytta og gje råd som han og saman med born er han "ein einar". Barnebiskop lika han å kalla seg, og saman med borna har han sine store stunder.
Eg skulle ha vore i Domkyrkja i dag, men det gjekk ikkje for meg- det er eg lei for, men eg er takksam for alt det biskop Ole har betydd for små og store i kyrkja i Bjørgvin, og eg kjenner meg rik som har fått lært så mykje, og fått samarbeidt så nært med han.
Må Gud gje deg mange rike dagar biskop Ole, og må du framleis få bruka dine gåver sjølv om du "skiftar gir" og går inn i rolegare dagar, Takk til Gud for tida vi i Bjørgvin har hatt med biskop Ole.
Sjå meir i Stiftsnytt
Eg gler meg til å sjå folkeliv,oppleva kultur og natur, dra på safari - det er eksotisk og uverkeleg, og eg gler meg til å delta på gudsteneste med afrikanse medkristne, det blir stort. Men eg gruer meg til å gå gjennom slummen - det er ubehageleg - eg veit eg har godt av det!
Eg har godt av å sjå korleis menneske som bur og lever der klarar å ordna kvardagen sin på eit minimum, godt av å sjå borna si glede over leik med ein fiskebolleboks eller med ein heimelaga fotball. Det blir også trist å sjå verknader av den politiske uroa som rådde i Kenya tidlegare i år, men kanskje også få sjå spor av håp og stolthet over den første farga presidenten i USA, Barack Obama, ein son av Kenya!! 


- Utviklinga er Lindås-landbruket er dyster lesestoff. Berre i løpet av nokre få år er talet på gardsbruk halvert, og fulldyrka areal er redusert dramatisk frå 16.000 til 10.000 dekar.
