mandag 3. november 2008

Jord = mat

- Utviklinga er Lindås-landbruket er dyster lesestoff. Berre i løpet av nokre få år er talet på gardsbruk halvert, og fulldyrka areal er redusert dramatisk frå 16.000 til 10.000 dekar.
Dette les eg i avisa Nordhordland, og det er Seimsbonden Reidar Konglevoll som ropar varsku.
- Vi oppfører oss som vi har eit hav å ta av. Faktum er at berre tre prosent av alt areal er landbruksjord her i landet. Då har vi ikkje råd til å tenkja lettvinte løysingar og økonomiske gevinstar her og no, held han fram.
Tre prosent - 3%- landbruksjord i Norge! Dette er faktisk ganske alvorleg! Landbruk er ikkje luksus, landbruk = mat !
Det er ikkje REMA 1000 som produserer mat, og vi lagar den ikkje av plast eller gass.
Vi treng JORD og vi treng BØNDER!
Dette må vi som politikarar ta på alvor. Sentralt må rammevilkåra på plass, lokalt må vern av dyrka og dyrkbar mark prioriterast. Vi må slutta å tenkja billeg byggjeland når vi ser flate bøar!
Landbruk er ei livsviktig næring, også i våre forholdsvis små forhold. Kanskje vil spørsmålet om det å bli sjølvforsynt med mat etter kvart bli meir påtrengjande enn vi likar å tenkja, også i Norge.

2 kommentarer:

FR sa...

herlig :) likte dette innlegget!

"det er ikke Rema 1000 som produserer mat"

Anonym sa...

Dette innlegget treng ingen vidare kommentar. Særs godt skrive Kari!!! Eg høyrde på Reidar sitt innlegg på plankonferansen i slutten av oktober - han var god!