tirsdag 11. november 2008

Gje oss ei mindretalsregjering

Eg lengtar tilbake til mindretalsregjering.... Det gjekk an å få ting til då enten det var Ap, Sentrum eller Samarbeidsregjering som styrte. Vi opplevde på ein heilt annan måte at det gjekk an å forhandla, koma med innspel, kjøpa og selja litt, og så få viktige ting til. Slikt vert vanskeleg med ei fleirtalsregjering.
I dag har rådmannen og eg vore på Stortinget og prøvd å selja folkehøgsskuleideen på Sandnes. Ære vere Dagrun Eriksen og Ingebrigt Sørfonn som møtte oss, vel vitande at dei lite kan gjera. Men dei lytta, kom med gode råd og innspel og lova å ta saka vår med seg vidare, og vi gjekk faktisk ganske nøgde utatt på Løvebakken, vi to masfjorddamene.

Hadde det vore mindretalsregjering hadde kanskje det kome pengar til ein folkehøgsskule eller to i 2008, det er ikkje så mange kronene som skal til i den store samanhengen, i år ser det vanskeleg ut. Men det er berre eitt år att til valet og kven veit - kanskje får vi er ny mindretalsregjering - eg veit kva eg skal jobba for....

6 kommentarer:

Elisabeth N.J sa...

Helt enig! Flertallsregjering er virkelig ikke så politisk saliggjørende som enkelte elsker å hevde...

Filip Rygg sa...

gode refleksjoner... men jeg lengter ikke etter en mindretallsregjering bestående av Det Norske Arbeiderparti. :)

Arnold sa...

Eg er på generelt grunnlag samd med deg Kari. Likevel er eg komen til det standpunkt at eg pr dato ikkje kan støtta ei regjering der Høgre er med, og der ein må støtta seg på Frp. På ein del kjerneområde for Krf er det klart at det ville vore positivt med eit fleirtal saman med dei blå. Men etter over tid å ha fulgt med på Høgre sine politiske standpunkt på viktige område som distriktspolitikk, landbruk, fordelingspolitikk og blind tru på kommunalt sjølvstyre innan m.a arealpolitkk, er det skuffande at ikkje Krf heller søkjer makt samen med dei (raud)-GRØNE. Diverre for Krf er nok ein god del "slike som meg sjølv", samde i denne vurderinga. Elles er eg godt nøgd med ditt arbeid!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for respons!Vi er altså enige om at mindretalsregjering ikkje er så dumt,men der stoppa det - ikkje AP og ikkje Høgre! Kven skal vi då høyra på? Kanskje skal eg her nøya seg med å sei at eg trur både Filip og Arnold veit kva eg innerst inne tenkjer om dette - men får KrF 15% så skal vi jammen få mykje til med kven som helst!

Anonym sa...

Eg synes det er direkte trist det som skjedde i nominasjonen i Hordaland KrF. Ingebrigt har gjort ein kjempe jobb, og er ein av dei dyktigaste politikarane vi har på Vestlandet. Eg er redd for at han er skubba ut av politikken no, og dette går utover partiet, det skal dykk vera klar over. Håpar dei som fekk hans plass viser at dei er den fortjent.

Kari Skår Sørheim sa...

Til anonym lesar
Takk for kommentaren- Som tilsett i KrF kan eg ikkje kommentera personvalet på nominasjonsmøtet,men eg kan lova at vi skal gjera alt vi kan for å ta vare på KrF sin rolle i samfunnsutforminga.