torsdag 27. september 2007

Sanketida over?

Endeleg ein dag med sol. Eg møtte Venke på Sandnes i ettermiddag, ho hadde vore på Klefjellet og henta ned tre sauer i det strålande haustveret. Endå mangla ho seks- sanketida er ikkje over endå, og vi håpar på godt ver så fleire juleribber kjem nedatt frå fjellet.

Men stemmesanketida er over. Det merka vi på kommunestyret på tirsdag, fire år til neste sanking og ein del politikarar kjenner seg visst rimeleg frie ser det ut for.
Vi skulle drøfta Matreplanen på tirsdag, men det vart ein trist affære. Rådmannen brukte først tre kvarter på å leggja fram planane, dei fleste gode og utviklande planar som skulle gje grunnlag for ein god debatt om ei viktig sak. Debatten kom ikkje. Ap sitt engasjement var å fjerna ein regulert hustomt, og så melde dei si interesse for å vera med i "brugruppa"- punktum. Ikkje eit ord om landbruket. Ap uttrykkte seg litt merkeleg om dette i lokalavisutspørjinga under valkampen, dei sa noko om at Ap berre ville ta jordbruksareal dersom det var regulert til bustad.. ! Eg stussa litt over dette svaret, håpa i det lengste det betydde at dei ikkje ville omregulera landbruksareal, men no regulerer dei ,og "kysten er klar".
I valkamputspørjinga sa Sp som forventa nei til å øyda jordbruksareal, men dei stemte i mot KrF sitt framlegg om å føra innatt landbruksarealet i planen- endå merkelegare enn Ap sin handlemåte. Kva seier veljarane deira??
FrP sa nei i ei avis og ja i ei anna, det var nok ikkje deira feil, eg hugsar deira svar i møte med lokalavisene som nei, i kommunestyret sa dei ja bustader på dyrka mark, kva meiner veljarane deira? Høgre og Venstre har jo sagt nei til tradisjonell landbruksdrift på Matre lenge, og vi lyt respektera det, men eg takkar i alle høve Karstein Totland for engasjement slik at vi fekk ein liten debatt. Men argumentet ditt Karstein om at vi kan ta saka att "neste gong", det vert for passivt for meg.
Eg skjønar bonden på Matre sin frustrasjon og engasjement, og eg frydar meg eigentleg over at det endå er unge bønder som orkar, som tek ansvar og som kjempar med nebb og klør for garden og framtida si på den. Alt for mange gjev opp. Du og dei andre der inne burde sleppa å kjempa mot dykkar eige kommunestyre, det er andre løysingar på bustadutfordringa,vi fattar ikkje at ikkje kommunestyret ser det.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så flott Kari at du legg ut litt om det som skjer. Interessant! Godt at du har "ork" og tid til å setje deg ned og halde oss oppdaterte.

Helsing Inger J.

Kari sa...

Det er gøy dette,men i kveld strevar eg fælt med å få vekk desse kyrene oppe på toppen- dei vil ikkje vekk.. Rett nok er eg oppteken med landbruk,men desse kyrene MÅ vekk- Det var berre eit tullete forsøk og vips så har eg fått dei inn på "bøen"...

Anonym sa...

Det er nok ein god del på Matre som er enig med deg. Det er desverre ikkje alltid så lett å si dette i diskusjoner eller bygdemøter sidan ein del "sterke" personer er veldig tydelig på at landbruk kan vi jo ha andre plassar. Men kansje vinden snur? Kanskje du får en ekstra stemme neste valg?

Kari sa...

eg kjenner meg trygg for det standpunktet eg har i denne saka og når eg har det slik, då står eg på..