og vil til deg i stallen gå
Send oss ditt ljos i hjarta inn
så vegen fram til deg me finn"
God Jul
Eg set her heime på julaftan og kjenner meg så glad
Alt eg treng har eg
Dei fleste av mine er heime
dei andre kjem etter kvart
Vi har det så godt
eg er så heldig!
Du vesle barn i krubba
som er så viktig for meg:
Takk for at du kom og vart ein av oss
Takk for håpet
Takk for meining midt i ei meiningslaus verd
Julebildet eg fann
viser meg at du er for alle
Må mange finna deg!
No luktar det pinnekjøt frå grytene mine
i stallen din var det sauer
Snart skal eg gå på badet og ta på med julekjolen min
eg vil pynta meg til festen vår for deg - vi har fest her heime i kveld, vi her langt i nord, i kalde vinterlandet
Snart kjem presten min heim og ungdomane mine inn frå luftetur i den vakkre vinteren vår
Då har vi det fint!
Eg trur du er her i Masfjorden også, du vesle barn
som gjev dine så djup ein fred
I morgon skal vi feira deg i kyrkja vår på Sandnes
Du skal få vakker musikk, vi kjem til å tilbe deg og lytta til Ordet ditt, og gje vår gåve til riket ditt!
PS! Du vesle barn - sjå til alle som ikkje har det så godt som eg i kveld
dei einsame
dei sørgjande
dei som frys
dei som er redde
- og - ver hjå borna i kveld du vesle barn
lat dei kjenna den trygg julegleda.



Heime i Masfjorden har vi hatt budsjettmøte i formannskapet. Vi er heldige i høve til mange andre kommunar, vi slepp unna vanskelege prioriteringar men vi treng å setja bremsene på dersom vi ikkje skal koma skeivt ut.

Da va kje hjelp i å ha poteferie (haustferie heitte da no, og eg har da) viss da ikkje va potever hedler. Men vart vere bra, so fekk me fri skulen på kort varsel. Me trong ikkje skuleplan - da va ingjen so fekk problem med ongane om dei plutselæ fekk fri. Da va folk adle plassa og da va bere å gje dei ei bøtta i hånnæ og sleppa dei utpå åkeren.
Kanskje klarte vi ikkje å få fram det vi ville, eg innser det. Men prøv den som vil å styra media sin dagsorden. Vi har prøvd. Denne gongen vart det Jens og Jensen med nokre heiderlege unntak.



Som den forsiktige stril eg e spør bere slek i all stillhet (so ikkje for monge høyre da) e da datta me be deg om her ute på Strilalanne?
Å sprengja grensene er viktig. Det er viktig alltid å koma vidare, testa ut, vinna ny kunnskap og erfaring. Heile livet er dette viktig. Likevel, er det klokt å sprengja alle grenser, og er det grenser for kor tid det er klokt at grensene blir sprengde?

Det er alltid vanskeleg å gå mot gode initiativ, slik opplevdes det denne gongen også. Næringslivet har lagt mykje pengar i dette prosjektet, og vi kan kjenna oss som utakknemelege når vi ikkje tek i mot tilbodet, men pinglete og defensive er vi ikkje, vi er realistiske!
Du som låg i natti seine, sorgtyngd,
Du som hekk til krossen nagla,



Fram og tilbake, på vinterslitne baner som ikkje får venta på våren sine krefter, skal dei springa etter denne runde kula av lær . Prestisje, pengar, presse og popularitet håpar spelarar og klubbar på. Eigentleg synes eg fotballen er bra, særleg barne og ungdomsfotballen i lokalmiljøa er bra, (pluss Ole Gunnar S). På fylkesårsmøtet vårt i helga var det ein politikarar som omtala alle trenarar og leiarar for fotballaga som det nye "husmorlaget" fordi dei gjer ein formidabel frivilleg innsats for born og unge. Ikkje eit vondt ord om denne innsatsen skal koma over min munn, eg tenkjer med glede tilbake på mine mange trivelege, kalde, våte timar som heiagjeng på sidelinja når mine håpefulle med "proffdraumar" sprang i sine drakter etter ballen, og eg takkar trenarar og leiarar!

Lindåsordførar Astrid Aa Byrknes går sterkt og bestemt ut og ivaretek innbyggjarane i Nordhordland sine interesser - vi kan ikkje setja innbyggjarane sitt liv og helse på spel, seier ho og krev informasjon og handling.
Det er
På torsdag hadde Masfjorden KrF årsmøte. Ordførar Astrid Aa Byrknes frå Lindås held tale og ho snakka om m.a. om det å ha enkeltmenneske i sentrum når vi gjer våre vedtak. - Kva konsekvens får det vi gjer for enkeltmenneske må vi alltid spørja,understreka ho. 


Oppslaget var med fire flotte masfjordungdomar mellom 20 og 25 år som satsar på bondeyrket i Indre Haugsdalen. Det var så bra å lesa - takk til Silje og Åsmund, Klaus og Hanne Kristin for den positive haldningen de har til heimbygda, til livet med jord, dyr og fjell og at de satsar på dette livet! Eg ønskjer dykk lukke til, de er gode ambasadørar for Masfjorden!
Prinsippet i denne saka er viktig, matjord skal vernast så langt råd er. Sjølv om arealet det her var snakk om var lite, så er det her vi har fått vårt ansvar. Etter klåre signal frå overordna landbruksstyresmakter vart saka vedtatt utan debatt i går. 


