Eg har mange, mange, mange nyttårsønskje - ikkje alle er like viktige men her er nokre som er viktige for meg, og eg tar dei i alfabetisk rekkefølgje:Arbeid - at eg kan vera til nytte for dei som har tilsett meg og valgt meg
Born- at ingen barn skal ha det vondt....
Familie - at alle mine skal ha det godt og kjenna glede over livet
Kommune - at folketalsauken i Masfjorden held fram i 2009
KrF - at vi skal klara å formidla vår politikk på ein god måte og gjera eit flott val til hausten
Kyrkja - at kyrkja må vera tru mot sanninga og ha glede i formidlinga
Misjon - at misjonsengasjementet mellom kristne veks
Verda - at det blir fred
Verdiar - at kristne verdiar bli sett på som ein resurs og ikkje eit hinder
Eg blir opprørt over vaksne sin kynisme, og rørt over dei gode sjelene som trass alt finns der. Eg blir rasande over måten borna blir handtert på, og eg vert varm om hjarta over det ekte smilet og handa over barnekinnet.
Venstre og KrF har gått til høgre meiner ho, men SP er i sentrum. Det er nok ikkje nok med grøn jakke i det raude selskapet Liv Signe! Vi er mange som synes det er trist at Sp har gått så langt til venstre, og vi som framleis trur på sentrum, skulle ønskja at Sp hadde kome inn i det nye året med eit nyttårsløfte til folket som sa: Sp høyrersaman med Venstre og KrF - det er der sentrum er!
For to veker sidan var eg i Kenya, og i går var eg i Stavanger for å bli informert om prosjekt i Etiopia som eg skal få sjå nærare når eg 3.januar reiser på mi "første misjonsreis" som NMS-leiar. Eg får nye perspektiv, også på kvinnekamp. Eit av prosjekta eg skal sjå handlar om kvinnesak, og når eg høyrer om kva kvardag mine medsøstre i denne delen av verda må tola pga manglande rettar og utdanning, tola av overgrep, tvangsgifte, omskjæring, ja då kjenner eg verkeleg engasjementet.


På nytt vart eg minna på kva barneåra gjer med oss menneske. Kor sterkt opplevingar av aksept, respekt og av det å bli sett er. Kor lett det er for vaksne å trø feil ovanfor vare barnesinn og kor dei gode opplevingane ligg som perler i minnet og kallar fram smilet og dempar det vonde og leie.
På veggen framme hang dei flottaste kunstverk - handlaga alt saman, det meste av Natalie, ei eldre dame på over 80. Store juledukar, løparar, serviettar, barneklede og labbar i utallige fargar og storleikar. Imponerande - dette er kunst, kultur og misjon. Auksjon for fleirfaldige tusen, åresalg og kaffikos i god basarånd. Og så andakt av prestefrua - eller av landsstyreleiaren - nei, det var nok av ho Kari - for inn i dette høyrer ho til, her er ho heime.


Eg gler meg til å sjå folkeliv,oppleva kultur og natur, dra på safari - det er eksotisk og uverkeleg, og eg gler meg til å delta på gudsteneste med afrikanse medkristne, det blir stort. Men eg gruer meg til å gå gjennom slummen - det er ubehageleg - eg veit eg har godt av det!
Eg har godt av å sjå korleis menneske som bur og lever der klarar å ordna kvardagen sin på eit minimum, godt av å sjå borna si glede over leik med ein fiskebolleboks eller med ein heimelaga fotball. Det blir også trist å sjå verknader av den politiske uroa som rådde i Kenya tidlegare i år, men kanskje også få sjå spor av håp og stolthet over den første farga presidenten i USA, Barack Obama, ein son av Kenya!! 


- Utviklinga er Lindås-landbruket er dyster lesestoff. Berre i løpet av nokre få år er talet på gardsbruk halvert, og fulldyrka areal er redusert dramatisk frå 16.000 til 10.000 dekar.


Eg har hatt ei strålande helg- bryllup med mykje glede og glade menneske. I vår finaste sats rundt eit festdekka bord fekk vi gle oss over eit av livets største øyeblikk for to unge som er glade i kvarander. Som mor er ein slik dag eit høgdepunkt. Det varmar langt inni bringa å sjå ein lukkeleg son bli prega av både alvor, høgtid og glede. Rik kjente eg meg! Lukkeleg over Thorbjørn og hans vakre Trude!
Mandag morgon kom eg til Oslo og kontrastane møtte meg så sterkt der eg gjekk opp over Karl Johan. Eg vart overvelda av ei lei og håplaus kjensle. Kontrastane vart så sterke. Det er så tungt å sjå alle desse menneska som set samankropne på fortaukanten med sine tiggarkrus og ber om nokre kroner. Sjølvsagt kunne eg gitt, ein tiar her og ein tiar der.... Eg gjorde det også, men det hjelper då så lite både for dei og meg. Kvifor er verda slik? Dei har jo blitt bore fram av ei mor som har hatt draumar for sine gutar og jenter dei også! Kvifor er verda så urettferdig?


filiprygg.no er ein flott blogg. Eg er så imponert over kva Bergen KrF sin unge gruppeleiar Filip Rygg får til på denne bloggen sin. I sommar har han eksprimentert med, og utvikla bloggen til ein proff, informativ og flott blogg. Gratulerer Filip!


Det flotte er at det stadig er unge menneske som ser KrF som eit godt parti for sitt politiske engasjement. På 75 årsfesten sist lørdag var det mange festkledde ungdomar. Her er partileiar Dagfinn saman med to flotte jenter, og som vakne bunadskjennarar vil registrera, er ei representert i Nordhordlandsbunad. Jenta har røter frå Masfjorden, kjem frå Austrheim og heiter Tone Marit Dyrkolbotn. 



Ikkje det at eg har så god greie på fotball og dei store stjernene på fotballbanene i inn- og utland, eg er neppe kvalifisert til å skriva fotballkommentarar - det treng eg heller ikkje for det har vi meir enn nok av. Men at eg ein gong var ei entusiastisk fotballmor på sidelinja på bana på Hosteland til både glede og forargelse for mine håpefulle, det kan dei nok skriva under på... Alt dette andre denne magiske ballen fører med seg av opp- og nedturar, pengar, makt og ære det har eg ikkje lagt sjela mi i i nemneverdig grad. Men enkelte spelarar merka eg meg, og ein av dei er Solskjær.
Misjonsarbeid har alltid vore ein vikig del av mitt engasjement og eg ser fram til å ta fatt på denne oppgåva. Eg er både audmjuk og frimodig i høve til utfordringa og det kjennes godt å ha fått generalforsamlinga sin tillit.
Det vart ei stor oppleving og opplevinga var særleg god i høve til
Å vera med på ei slik samling får meg til å forstå at kyrkja er verdensvid, at bodskapen er for alle, og at vi står i eit trusfellesskap med menneske over heile verda. 

Vi har vore i Frøyset i dag - det var ei heilt vanleg gudsteneste utan noko ekstra. Så kom spørsmålet på kyrkjebakken etterpå medan Ivar serverte oss kaffi og kjeks - var vi få eller var vi mange i Frøysetkyrkja i dag? Vi var 20 stk - Korleis skal vi måla om vi var få eller mange? Sjølvsagt var det glissent i kyrkjebenkane, vi måtte ha vore ti gongar så mange viss det skulle vore fullt - men var vi få? Mitt svar er nei. Eg synes Masfjordingane er flinke til å bruka kyrkja si. Prosentvis var vi mange, og det skal vi ta med oss når vi kan synast vi er få. Det hadde vore flott om vi hadde vore endå fleire sjølvsagt, men 20 menneske er ingen liten flokk i våre bygder. Og gudstenesta er ikkje avhengig av kor mange vi er, Meistaren snakka om to eller tre og det målet nådde vi rikeleg i dag.


Borna er det viktigaste vi har, utan born stoppar livet! Men born skal ikkje produserast for å dekka våre vaksne behov, det minste borna må kunna krevja av oss vaksne er at dei får vita kven dei er. Takk til Laila Dåvøy og alle andre i KrF som har prøvd å kjempa mot denne lova. Eg har fått vera nær mange av dykk og merka kampen og engasjementet dykkar. Det ser diverre ut for at vi taper kampen i denne omgang men vi kan ikkje gje oss - ein gong må folket vårt vakna og sjå kva som skjer med borna våre.
Eg trur dei som hadde teke initiativet til dette gjorde det for å gle oss, og dei lukkast! Eg kjenner eg framleis skjelv litt i bringa når eg set her og skriv dagen derpå.